KLAR TIL FEST: Dagfinn Rude Johannessen har hatt ansvaret for drifta av kulturhuset sidan starten for 25 år sidan. No inviterer han til festforestilling når jubileet skal feirast på laurdag.
KLAR TIL FEST: Dagfinn Rude Johannessen har hatt ansvaret for drifta av kulturhuset sidan starten for 25 år sidan. No inviterer han til festforestilling når jubileet skal feirast på laurdag. (Foto: Arkiv)

Denne mannen har styrt skuta sidan starten

Kulturhuset i Sogndal feirar 25-årsjubileum med utselt festførestilling. 

Sogndal: På laurdag skal Kulturhuset i Sogndal feire seg sjølv og dei tjuefem åra det har eksistert i bygda. I alle åra er det den same mannen, Dagfinn Rude Johannessen, som har styrt i kulissane. Først som kinosjef, etterkvart berre som sjef.

– I løpet av neste år vil me passera èin million besøkande på kinoen. Totalt for heile huset har besøket vore på 2,5 million. Så det har vore godt brukt, seier Johannessen.

Les også: Highasakite toppar ein stjernespekka konserthaust i Sogndal
Les også: Hanne Boel kjem til Sogndal

Kinoen har vore berebjelken

Han var kinosjef òg før det nye kulturhuset stod klart i 1991, då i Solhov. Heile vegen har han hatt med seg sin faste kollega Tor Uglum, som først var maskinist, før han vart kinosjef då Johannessen tok over ansvaret for kulturhuset. Til saman har det blitt trettifem år i bransjen på radarparet.

– Det er utruleg at ein skal få lov til å driva med hobbyen sin i så mange år, seier Johannessen.

Han meiner at då kulturhuset kom, så var det ikkje eit år for seint. I takt med innbyggjartalet har òg det kulturelle tilbodet auka sidan opninga for tjuefem år sidan. I dag har til dømes Sogndal flest oppsettingar med riksteateret i fylket. Kinoen har vunne så mange prisar at sjefen sjølv har mista tellinga.

Dei siste tilskota er ein ny kinosal og Blaoboxen, ei scene for litt smalare konsertar.

– Saman med Meieriet, så gjer me til at det er eit veldig høgt nivå på det kulturelle tilbodet her i Sogndal. At me frå første dag satsa på kinoen som ein berebjelke har hjelpt oss å byggja vidare det øvrige tilbodet. No har me ein heil haug av lokale arrangemet. Det er noko av det flottaste eg ser, når lokale utøvarar får utfolda seg på ei stor scene, seier han.

Inviterer til fest på laurdag

Det er nettopp dei lokale artistane det blir lokka med når Sogndal Kulturhus laurdag inviterer til festførestilling i høve det store jubileet.

Programmet vil bestå av både musikk og humor. På plakaten står Helga Farestveit, Einar Bolstad, Ola Skram, Billa and the Kid, Skogly Teatergruppe og Fjerde laurdag i advent, tidlegare kjent som Fjørarevyen.

Konferansier blir Rasmus Mo, medan Inger Ronny Kvåle har den musikalske leiinga. Allereie no er det klart at storesalen kjem til å vere fullstappa når feiringa startar. 

– Det blir fynd og klem, med ei blanding av revy og masse lokale artistar som skal syngja, så det er ei fin breidde i programmet. I tillegg kjem kanskje ordføraren eller varaordføraren og skal dela ut ein blome. Det blir ei høgtidstund, spesielt for oss som har jobba her i alle desse åra. Det trur eg fleire kjenner på, seier Johannessen.

Til toppen