HEKTISK: To travle veker med øvingar står framfor revygjengen på Kaupanger. Om to veker står for førestillinga Snytt på nytt på scena på Skogly på Kaupanger. Frå venstre: Bjarte Ramstad, Trude Rognstad Ness, Vivian Hilleren, Trude Ramstad, Tor Arne Hov, Morten Timberlid og Gunstein Lund.
HEKTISK: To travle veker med øvingar står framfor revygjengen på Kaupanger. Om to veker står for førestillinga Snytt på nytt på scena på Skogly på Kaupanger. Frå venstre: Bjarte Ramstad, Trude Rognstad Ness, Vivian Hilleren, Trude Ramstad, Tor Arne Hov, Morten Timberlid og Gunstein Lund.

Denne muntre gjengen vil massere lattermusklane dine

Revygruppa på Kaupanger følgjer opp suksessen frå i fjor.

Kaupanger: Den 21. april er det duka for revyførestillinga Snytt på nytt etterfølgt av dans på ungdomshuset Skogly på Kaupanger.  Det innleigde husbandet Ivory sørger for musikken både under og etter showet.

Trude Ramstad fortel kvifor ho meiner både sogndøler og kaupingar bør ta turen.

– Det er for å få seg ein god latter. Kanskje dei kan le litt av seg sjølv og kjenna seg att i ein del situasjonar, seier ho.

Les også: Elevane i Flåm fekk gratis teatertur til Sogndal
Les også: «Tidlaust» i Lærdal

Øver for harde livet

I eit lite lokalsamfunn skulle ein tru at revy var risikable greier. Det er lett å trakke nokon på tærne.  

– Me skal ikkje gjere narr av folk, det er me bestemt oss for. Me skal ha morosame vriar på både lokalt og ikkje så lokalt stoff, ting som folk kan kjenne seg att i, seier Ramstad

I desse dagar driv revygruppa med hektisk øving. Det har det ikkje blitt for mykje av til no i ein travel kvardag. Men artig har dei det.

– Det er komedie vi snakkar om, så vi har det kjempekjekt på øvingane. Men det blir kanskje litt meir alvor no når me nærmar oss framsyning, seier Morten Timberlid, som har skrive dei fleste av tekstane.

Revysatsinga gav resultat

I fjor var første året dei la om frå teater til revy. Billettsalet gjekk ned i takt med at publikum vart eldre og for enkelte av skodespelarane var motivasjonen dalande.

– Me hadde lyst til å driva med noko nytt, noko litt meir kreativt og få utfalda oss meir.  Det var nødvendig å få ein morosam vri inn i Skogly. Eg trur det var avgjerande for at gjengen skulle bli med vidare, seier Ramstad.

Også publikum likte nyvinninga. Det vart full sal og stor suksess. I år håpar dei på reprise.

– Det er i utgangspunktet berre ei framsyning, men førehandssalet har vore såpass bra at me kanskje kan klinka til med to. Me er klare og bandet er klare viss det skulle bli slik, seier Ramstad.

Til toppen