HAUSTFEST: Rognebærtrea bidreg meir enn vanleg i år til fargefesten i naturen.
HAUSTFEST: Rognebærtrea bidreg meir enn vanleg i år til fargefesten i naturen. (Bilde: Snorre Sandemose)

På eldresenteret fortel dei: – Det vert nok ikkje mykje snø på oss i år

Dette vakre naturfenomenet spår vinteren for oss, skal me tru forfedrane våre 

ØVSTETUNVEGEN: I Øvre Årdal står rognebærtrea på rad og rekke i denne vegen, og bæra logar opp som rubinar i haust. Kjøtmeiser heldt verkeleg fest i trea då porten.no kom bort, men la på flog då dei vart litt uroa i festen, og kom soleis ikkje med på biletet.
ØVSTETUNVEGEN: I Øvre Årdal står rognebærtrea på rad og rekke i denne vegen, og bæra logar opp som rubinar i haust. Kjøtmeiser heldt verkeleg fest i trea då porten.no kom bort, men la på flog då dei vart litt uroa i festen, og kom soleis ikkje med på biletet. Foto: Snorre Sandemose

Årdal: – Trea kan ikkje bere meir enn ei bør gjennom hausten og vinteren. Difor vil rognebærtrea gje få bær dersom vinteren i kjømda vert streng, seier dei alle rundt eit stort bord på eldresenteret. 

Ikkje langt unna, veks det rognebærtre som har gjeve usedvanleg mykje bær i år. Det er likt til at trea har fått ein tokke av at årets vinter vert særs mild, skal me tru den gamle visdomen. 

Ei kvinne hadde aldri i sine levedagar sett so mange rognebær på ein gong som ved Østetunvegen i Øvre Årdal i førre veke, og rådde porten.no til å fara dit og sjå. Ei anna hadde sett eit heilt hav av rognebær inni Jostedalen i år, fleire bær på èin gong enn ho nokon gong hadde sett før.

PÅ ELDRESENTERET: Kvar måndag, onsdag og fredag kjem eldre i bygda saman på eldresenteret, og friviljuge eldsjeler står for kaffi og noko attåt. Onsdag var det basar. Alle kring bordet her sa at årets rognebær spår mild vinter, etter det som vart sagt før i tida.
PÅ ELDRESENTERET: Kvar måndag, onsdag og fredag kjem eldre i bygda saman på eldresenteret, og friviljuge eldsjeler står for kaffi og noko attåt. Onsdag var det basar. Alle kring bordet her sa at årets rognebær spår mild vinter, etter det som vart sagt før i tida. Foto:  Snorre Sandemose

Det finst også ein motsett teori

Kvinnene kring bordet (og ein kar) fortel òg at det finst ein motsett teori, som går ut på at rikeleg med bær på trea skal varsla om ein særs streng vinter.

– Men her hjå oss har me alltid sagt at vinteren vert mild når det er mange bær, og streng dersom det er få bær, seier dei.

Ei anna fortel at deira eigen besteforeldre-generasjon sat på store mengder visdom.

 

– Når me ikkje hadde internett, laut me lytta til dei gamle. Dei hadde kunnskap om alt, både mat og klede og vêr og vind, seier ho, men legg til at det sjølvsagt er mogleg at rognebær-teorien slett ikkje stemmer.

Kanskje er det jo berre slik at det er mykje bær på trea, av di førre vinteren var so mild. 

ROGNEBÆRVIN: Hildur Alme, t.h, fortel at bror hennar laga rognebærvin for nokre få år sidan. Til venstre, Solveig Karlsen. 
ROGNEBÆRVIN: Hildur Alme, t.h, fortel at bror hennar laga rognebærvin for nokre få år sidan. Til venstre, Solveig Karlsen.  Foto: Snorre Sandemose

– Desse gamle reglene er no mest for gøy, seier ei.  

– Gelé og vin

Kring det store bordet var det ingen som kunne hugse å ha sett rognebæra verta nytta til matlaging, men dei hadde alle høyrt om at ein kan laga gelé av rognebæra.

Men på eit anna bord sat det ei som har smaka rognebærvin.

Bror min laga rognebærvin for nokre få år sidan. Eg lurte på om vinen var laga på rabarbra då eg smaka han, men han kunne fortelja at han var laga på rognebær. Han hadde ein syrleg smak, seier Hildur Alme.

Solveig Karlsen, som sit attmed henne, legg so til:

– Det er mykje god mat for kjøtmeisene i desse rognebæra.  

Til toppen