Luster: – Det har gått veldig bra så langt, og eg tykkjer dette er kjempekjekt, seier Anne Merethe Kvalsøren.
Ho og familien kjøpte den gamle garden i Feiga på sørsida av Lustrafjorden for tre år sidan.

– Far min vaks opp her og hugsar den gongen alle bygningane var i drift. Han er motoren bak det heile, medan eg tykkjer det er viktig å syna andre kulturen, og kvar me kjem frå.
Feigesagi, garden familien har kjøpt, er Luster kommune sin fyrste industristad.
– Her var det sagbruk, smie og mølle. Historien her kan lesast heilt tilbake til 1600-talet, fortel Kvalsøren.
Fekk oppstartstilskot frå kommunen
Dei varme sumardagane har ført til at mange tek turen opp for å sjå Feigefossen på nært holdt, noko Kvalsøren merka i den vesle kaféen.
– Det er mange frå Tyskland og Nederland som kjem innom, men faktisk òg mange lokale. No veit dei om tilbodet me har, og vil gjerne kombinera det med ein tur til fossen.
Då ho la fram planane sine om restaurering og start av kafé, var Luster kommune positive til det heile.
– Eg fekk oppstartstilskot frå kommunen i juni og då etablerte eg eige føretak. I mai hadde me prøveopning for å sjå om dette kunne fungera og allereie då var det masse folk her, seier Kvalsøren.
Tilstanden i Feiga var dårleg
Då ho og familien starta på prosjektet i Feiga stod det derimot ikkje like bra til med dei gamle bygnigane.

– Bror min er tømrar og har gjort grovarbeidet med tak og vegger. Tilstanden var ganske dårleg, og i tillegg har me hogge mykje skog for å opna landskapet, fortel ho.
No kan turistar og lokale sitta heilt nede ved fjorden og nyta ein kaffikopp og vafler. Bak seg har dei Feigefossen, og framanfor seg ser dei Lustrafjorden.
– Mange kjem sjøvegen òg. Nokre badar på andre sida av fjorden, så køyrer dei båten over for å kjøpa seg is.
Har krevd mykje arbeid og peng
Kvalsøren og familien har brukt mykje pengar på prosjektet i Feiga, men tykker det er verdt det.
– Eg tykkjer det er kjekt å driva med turisme, dessutan er det fint å få syna fram fjorden og fossen.
Serveringa er enkel, men Kvalsøren trur turistane set pris på det likevel.
– Det går i kaffi, jus, vafler og is. Når turistane kjem hit for å gå på tur så trur eg ikkje dei forventar seg ein kafé rett nedom vegen, men her er me.

No håpar ho at tilbodet i Feiga kan halda fram i sesongane som kjem.
– Dette er prøvesesongen vår, og så må me evaluera og sjå kva me vil gjera vidare. Me leiger og ut lokale, og er me her ein dag det er folk her så opnar me.