FAGSKULEN: Reidar Grønli, rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane kan juble over gode søkjartal.
FAGSKULEN: Reidar Grønli, rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane kan juble over gode søkjartal. (Bilde: Arkiv)

Denne rektoren kan jubla etter tredobling av studentar på fire år

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: – Fagskulen i Sogn og Fjordane aukar tal studentar frå 258 til 366. Det er ein fantastisk respons på det kvalitetsarbeidet me har gjort. Det er ei auke på meir enn ein tredjedel, seier Reidar Grønli, rektor ved skulen

Frå og med 2016 har fagskulen hatt om lag 90 søkjarar kvart år. I år har skulen 187 søkarar som har Fagskulen som førsteval. Skuleåret 2015/2016 hadde fagskulen 158 studentar. Det betyr at skulen har meir enn dobla studenttalet sidan 2016. Auka er særleg stor ved teknisk avdeling i Førde. Der har auken vore frå 105 studentar til 311.

– Ei tredobling er fantastisk.

Fleire årsakar

Maritim avdeling Måløy har gode og stabile søkjartal. Det er 37 studentar som har Måløy som førsteval. Der er det 30 studieplassar og dei som har fått tilbod om studieplass har takka ja. Totalt har er det 55 studentar ved avdelinga

– Det er mange årsaker til den store auken, men tre faktorar er verdt å trekke fram. Først og fremst er auka samhandling med næringslivet ein vesentleg faktor. Me klarer å leggje til rette for meir relevante tilbod. Fagskulen er kjend for å utdanne fagingeniørar som er produktive frå første dag i arbeid, seier Grønli.

Han legg til at ved å auke tilrettelegginga og relevansen mot ulike bransjar, er det endå fleire bedrifter som nyttar kompetansen til fagskulestudentane.

– Saman med studentane og personalet klarer me å skape læring og kunnskap på høgt nivå. Me kan sjølvsagt alltid bli betre. Særleg satsar me på utvikling av studentaktive læringsmetodar og digital undervising.

I 2018 fekk Norge ei ny fagskulelov, der fagskulen er definert som høgskule og utdannar fagingeniørar.

– Denne formaliseringa av fagskulen har gjort oss meir kjend og næringslivet nyttar oss til kompetanseheving av sine tilsette, avsluttar Grønli.

Til toppen