NY TEKNOLOGI: «Flex Picker» er ein robot som løftar waferar meir skånsamt og meir effektivt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY TEKNOLOGI: «Flex Picker» er ein robot som løftar waferar meir skånsamt og meir effektivt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne roboten aukar lønsemda for Norsun

«Flex Picker» gjer at Norsun vil tena rundt 2,5 millionar kroner meir i veka enn det dei gjer no.

Solcelleindustrien er spådd ei lysande framtid. Sidan i haust har utsiktene for eksportindustrien, som Norsun er ein del av, stadig sett betre ut på grunn av ein høg dollarkurs.

No har fabrikken på Årdalstangen også fått på plass ny teknologi som gjer at produksjonen av såkalla «waferar» vil auka frå rundt 1,1 millionar i veka til 1,6 millionar. Med dagens kurs vil det gi ei omsetning på rundt 7 millionar kroner i veka, 2,5 millionar meir enn det som var tilfelle før «Flex Picker» kom på plass.

– Denne roboten løftar waferane veldig skånsamt frå finvaskelinja vår og inn i det som er sluttkontrollsystemet vårt. Han legg waferane veldig presist. Me har hatt og har framleis litt utfordringar på dei gamle vaskelinjene, så dette skal gi oss meir stabilitet og få opp farten på linja, seier Geir Nordnes til Porten.no.

– Det betyr at utbyttet blir større, at du får fleire waferar heilskinna gjennom med den kvaliteten me ønskjer. 

Tar ned einingskostnaden

For berre eit år sidan produserte fabrikken på Årdalstangen 900 000 waferar i veka. Takka vere forbetringsarbeid frå operatørane klarte dei å heva produksjonen opp til 1,2 millionar i veka. 

– I tillegg har me gått til anskaffelse av vaskelinje 4, denne roboten, som då gir oss ytterlegare 450 000 waferara. Det betyr at me ligg på opp mot 1,7 millionar i kapasitet, og der må me ligga for å få ned einingskostnaden slik at me kan konkurrera med kinesarane, seier Alf Einar Karlsen.

Artikkelen held fram under biletet.

STØRRE UTBYTTE: Denne roboten vil gjere at utbyttet blir større og at ein får fleire waferar heilskinna gjennom.
STØRRE UTBYTTE: Denne roboten vil gjere at utbyttet blir større og at ein får fleire waferar heilskinna gjennom.

Det er kinesiske selskap som er dei største konkurrentane. Overproduksjon på den kinesiske marknaden var mellom anna ei av dei mest sentrale årsakene til at prisen på silisium stupte og fleire europeiske bedrifter gjekk konkurs. 

Ein milepæl for Norsun

Også på Norsun i Årdal har dei fått merke dette dei siste åra, men no ser framtida meget lys ut, noko talet på sommarvikarar seier noko om. I år skal Norsun ta inn 56 sommarvikarar, som er det meste dei har teke inn sidan fabrikken starta opp.

– Det er først og fremst dei faste kostnadene i Noreg som er mykje høgare. Dei variable kostnadene me har er omtrent ganske like som konkurrentane. Dei faste kostnadene våre er mykje høgare på blant anna personal, og då er det volum som avgjer, seier Nordnes.

LES OGSÅ: Varslar ny storheitstid for norsk solindustri

– Det er produktiviteten som er vanvittig høg i Norsun og Noreg som gjer at me klarer å konkurrera. Og den volumauken me får, vil gi lønsemd for bedriftene, og det er det som vil vera milepælen me no går inn i. Går dette som det skal, og me kjem opp på det nivået me ønskjer, vil dette vera veldig lønsamt for oss.

Robot til 10 millionar

Teknologien dei no har investert i er ein del av totalprosjektet på vaskelinja og kostar rundt 10 millionar kroner å få på plass. Karlsen og Nordnes fortel at dersom dette fungerer slik dei håpar, kjem dei til å vurdera å kjøpa inn fleire av same type. 

Artikkelen held fram under biletet.

GOD TIMING: Marknadssituasjonen tilseier at investeringa i ein slik robot i desse tider er veldig god.
GOD TIMING: Marknadssituasjonen tilseier at investeringa i ein slik robot i desse tider er veldig god.

Slikt utstyr vil også stille krav dei føregåande linjene etter som desse robotane vil kunne ta unna meir enn tidlegare.

– Frå starten av var det alltid snakk om å at trekkarhallen ville bli flaskehalsen, men det har ikkje alltid vore tilfelle. No aukar kapasiteten i trekkarhallen også, og det gjer at me ytterlegare må forbetra oss nedstraums også, seier Karlsen.

God timing

Dei er uansett ikkje i tvil om at dette er det riktige tidspunktet å gjere slike investeringar på. 

– Timinga er veldig god. Det er midt i blinken når det gjeld å auka kapasiteten. Me ser at kundane våre vil ha meir. Dei bygger nye fabrikkar, og me har eigentleg dei rette kundane no. Me seier nei til nokre fordi me ikkje har kapasitet. Me er utselde, så akkurat no skulle me gjerne hatt litt meir kapasitet, men me treng også stabilitet, så me må passe på å ikkje vakse for fort, seier Nordnes og legg til at når amerikanske og japanske kundar kjem att, er det positivt.

LES OGSÅ: Norsun ser på moglegheita for utviding i Årdal

– Det er dei mest krevjande kundane også. Det har vore ei aha-oppleving for oss frå 2008 og til no. Me har verkeleg måtta skudd nokre omdreiningar på nøyaktigheitsskruen og kulturen. No meiner me at me verkeleg har fått dette inn under hunden. Ein ser det på operatørane også at dei tenker veldig mykje kvalitet, held Karlsen fram.

Dyktige operatørar

Han understrekar at operatørane har spelt ei viktig rolle i prosessen som har vore, blant anna med denne nye teknologien. 

– Når me løfta produksjonen frå 900 000 til 1,2 millionar waferar i veka på det gamle utstyret, er det spesielt dette me kallar singulatoren og forbetringsarbeidet at operatørane har vore veldig delaktig i, både i utviklinga av tilleggsfunksjonar og ikkje minst måten dei gjennomfører og standardisera arbeidet sitt på og får det likt på alle skift. 

– Operatørane har klart å utvikla den singulatoren betre enn det leverandøren hadde i utgangspunktet. 

Til toppen