Sogndal: På måndag startar dei fleste skulane opp att etter sommarferien. For Trudvang skule sin del blir det som ei nøttefri sone. Rektor Bjarte Ramstad forklarer kvifor:
– Me har elevar som får veldige reaksjonar viss dei kjem bort i nøtter. Det kan vera nok at dei kjem bort i hender som har vore borti nøtter. Då får dei reaksjonar som gjer at me må ringa 113, seier Ramstad.

Rektoren seier dei har diskutert fleire måtar å omgå problemet på. Til slutt landa dei på den enklaste løysinga, nemleg totalforbod.
– Det er ein alvorleg allergi. Då må me ta omsyn til det, seier Ramstad.
Dermed blir det frå hausten av forbode å ha med seg alt frå peanøttsmør på brødskiva til marsipan til kaffien. Men den strenge linja fører i det minste med seg noko positivt.
– Det kan hende det er foreldre som er glade for at det vert ulovleg med Nugatti. Me er ein i allefall ein skule som ønskjer at ungane har meir enn sjokoladepålegg på nistematen, seier Ramstad.