SIGNERTE KONTRAKT: Frå 2019 og tre sesongar fram skal NTP Avery Dennison frå Gaupne levera draktmerker til Premier League.
SIGNERTE KONTRAKT: Frå 2019 og tre sesongar fram skal NTP Avery Dennison frå Gaupne levera draktmerker til Premier League. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Denne sognebedrifta skal levera titals millionar draktmerker til Premier League

Avery Dennison NTP signerte torsdag millionkontrakt med Premier League.

Luster: Frå 2019 vil produkta frå bedrifta i Gaupne bli å sjå på ryggen til spelarar som Liverpool-stjerna Mohamed Salah, i tillegg til supportarane verda over. 

Alle tal, namn og merke på draktene vil nemleg leverast av Avery Dennison NTP. 

Ifølgje NRK, som omtalte saka først, skal dei levera mellom 15 og 20 millionar merker.  

– Det er den største fotballkontrakten som det går an å få tak i, og me har hatt augo på han i minst seks år, sa dagleg leiar i NTP Tom Dyrdal til avisa. 

I ein uttalelse på Premier League sin heimestad, seier dagleg leiar Richard Masters, at han var imponert over lustringane

– Avery Dennison er heilt klart eit selskap med ein erfaring innan innovasjon. Me var imponert over planane deira for både Storbrittania og på verdsbasis, og ser fram til å samarbeida med dei frå neste sesong av. 

Satsar innan fotball

Sidan 2015 har NTP produsert draktmerker til spelarane på FC Barcelona. I haust vart avtala utvida til å inkludera alle lisensierte Bareclona-drakter, som går ut i butikkar i heile verda.

Dette markerte lustringane sitt nye storsatsing innan fotball. 

– Det er ein lukrativ og stor fotballavtale. Det er berre Real Madrid og Premier League-avtalen som er større i fotballverda, så det er ein kontrakt me verkeleg har hatt lyst på, sa Dyrdal til Porten.no då.

Verksemda har rundt 150 tilsette. I fjor omsette dei for 154,5 millionar kroner, ny rekord for selskapet. Overskotet enda på 25 millionar før skatt.

I løpet av 2018 har dei planar om å investera mellom 30 og 50 millionar i nytt produksjonsutstyr, samt bruka 10 millionar på forsking og utvikling.

Til toppen