BYR ÅRDØLENE PÅ KONSERT: Sangerinne Helga Farestveit og pianist og organist Freek Ypma vil visa at klassisk musikk ikkje er så framand og skummelt som mange trur.
BYR ÅRDØLENE PÅ KONSERT: Sangerinne Helga Farestveit og pianist og organist Freek Ypma vil visa at klassisk musikk ikkje er så framand og skummelt som mange trur. (Foto: Sunniva Knutsen)

Denne sognejenta vil visa årdølene at klassisk musikk ikkje er skummelt

Freistar med varierte og lette klassiske tonar.

Årdal: 26 år gamle Helga Farestveit frå Sogndal elskar klassisk musikk, og no vil ho visa den fram til bygda med ein variert konsert i Årdal kyrkje. 

Spesielt gler ho seg til å ufarleggjera klassisk musikk for bygda, for sjølv har ho budd og studert i Kristiansand, der det er eit utvikla miljø for det. 

– Det er særleg kjekt at me får gjera klassisk musikk her i bygda. Folk er ofte litt redde for klassisk musikk, for det kan stereotypisk vera tunge og litt vanskelege stykke, seier ho. 

Farestveit: – Ein variert undringsspakke 

Helga har bachelor i sang, og driv for tida som frilans før ho skal vidareutdanna seg med mastergrad i sang og pedagogikk neste år. 

Med på laget er Freek Ypma som akkompagnerer. Han er frå Nederland, men bur på Årdalstangen og er profesjonell pianist og organist.

Dei legg vekt på at konserten vil innehalde variert klassisk musikk, som dei trur årdølene vil lika. 

– Me har plukka ting som me likar veldig godt, som har ulik karakter og ulik stemning. Det er kjærleik, det er natur, og det er Wien og fransk, seier ho.

– Dette her er lette klassiske tonar, legg Ypma til med eit smil. 

Samarbeider godt

Ypma elskar å akkomagnere, og har samarbeida med både forskjellige artistar med ulik instrumental og vokalistar.

Han seier det er veldig kjekt å spele saman med Helga, og at dei samarbeider godt.

–  Sopranar er ofte litt diva-aktige typar, og det er ikkje ho i det heile. Så det likar eg godt med henne. 

Då Porten.no møter dei, har dei øving i Årdal kyrkje, som starta klokka 14 og etter planen skulle dei eigentleg gje seg klokka 16. Klokka var no 17. 

– Timane flyg, seier Ypma. 

– Det er veldig kjekt å koma i kontakt med nokon som er interessert i det same, og skapa ein konsert som er klassisk, men ikkje for skummel for folk. Folk er ofte litt redde for klassisk musikk, for det stereotypisk er det ofte mange tunge og vanskelege stykke, seier Farestveit.

Til toppen