GOD NYHEIT: Lars Grenager i Indre Sogn Sparebank meiner alle aksjespararar bør kaste seg over årets sparenyheit.
GOD NYHEIT: Lars Grenager i Indre Sogn Sparebank meiner alle aksjespararar bør kaste seg over årets sparenyheit. (Bilde: Indre Sogn Sparebank)

Denne sparenyheita meiner dei lokale ekspertane at du bør få med seg

Men skal du få med deg det mest lukrative nyvinninga må du skunde deg.

Årdal/Sogndal: Aksjesparekonto heiter den nye ordninga som skal gjere det lettare og meir lønsamt for privatpersonar å spare i aksjar og fond.

Ordninga vart vedteken av Stortinget før jul og blir lansert i bankane 1. september. 

– Den store fordelen er at du kan sleppa å skatte av gevinsten før du tek han ut av kontoen, seier Mollert Lægreid, plasseringsrådgjevar i Sparebanken Vest, før han gir eit eksempel på kva han meiner:

No kan du bytte fond utan skattesmell

– Lat oss seia at du har putta 100.000 kroner inn i eit aksjefond som har stige til 150.000 i verdi. I dag, viss du ønskjer å ta ut 50.000 av dei, då må du skatte av dei 50.000. Etter dei nye reglane kan du fritt ta ut dei 100.000 du opphavleg sette inn, skatten kjem først når du tek ut gevinsten, seier Lægreid.

– I teorien kan du skyva skatten inn i æva, ved å la overskotet stå heile tida.

Med andre ord kan du no kan skifte til eit fond med betre miljøprofil, eller med litt høgare risiko, utan å betale skatt før du reinvesterer i nye fond. Det betyr ikkje at du unngår skatt, men den slår altså først inn når du tek ut gevinsten.

– Ein annan fordel med den nye aksjeskattelova er at det blir mykje større konkurranse om kundane, fordi det blir enklare å flytte fonda frå ein bank til ein annan, utan at det utløyser skatt, seier Lægreid.

Ein sjanse du ikkje kan la gå frå deg

Lars Grenager, personmarknadssjef for Indre Sogn Sparebank i Årdal, meiner dette er eit tilbod alle aksjespararar bør hoppe på. Det som gjer det ekstra lukrativt akkurat no, er at du ut året kan flytte gamle fond over på aksjesparekontoen, utan skattesmell.

– Skal du ha med deg gevinsten, då må du passe på å gjere det før nyttår. Viss du har tapt, bør du derimot ikkje flytte fonda og aksjane dine over på aksjesparekontoen, forklarer han.

Mange tenkjer kanskje at dei er nøgde med fonda dei har og ser ikkje for seg å bytte med det første. Det er ei dårleg unnskyldning for å late vere å nytte deg av sparenyheita før nyttår.

– Du har ingenting å tape på det. Om du ikkje aktivt kjøper og sel fond i dag, så kan det endre seg i framtida. Det er for eksempel ikkje uvanleg å byte til eit fond med høgare eller lågare risiko, alt etter kor langsiktig sparinga er. Då er det ein fordel å ha det unnagjort, seier Grenager.

Til toppen