LETT: I sin sjanger er Stelvio ganske lett. 1659 kilo er godt under modellane det er naturleg å samanlikne han med. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
LETT: I sin sjanger er Stelvio ganske lett. 1659 kilo er godt under modellane det er naturleg å samanlikne han med. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Denne SUV-en skal redde eit klassisk bilmerke

Skal Alfa Romeo ha noka framtid, må den aller første SUV-en deira, Stelvio, matche dei tilsvarande modellane frå dei store tyske premiumprodusentane. Det er ikkje lett.

Alfa Romeo er i midt i ei relansering av merket. I fleire år har dei knapt vore synlege med eit stussleg modellutval, ein småbil og ein kompaktbil, som begge byrjar å dra på åra. I tillegg har dei ein frekk tosetar i 4C-en, utan at den bidrar stort når det gjeld sal.

I fjor kom dei på banen igjen med den mellomstore familiebilen Giulia, ein sportsleg bil med supre køyreeigenskapar. Han er berre tilgjengeleg som sedan og dermed svært tungseld i det norske marknaden.

Så det er no det gjeld, med SUV-en Stelvio. For ein og annan Alfa-entusiast er det kanskje litt tungt å svelge, men det er denne modellen som skal løfte merket ut av skuggedalen. Ein modell skreddarsydd for dagens bilkundar. Blant familiebilane er det SUV som gjeld, stasjonsvogner og fleirbruksbilar er på vikande front.

Artikkelen held fram under biletet

IDENTITET: Fronten er ein litt oppblåst versjon av den ein finn på Giulia.
IDENTITET: Fronten er ein litt oppblåst versjon av den ein finn på Giulia.

Hard konkurranse

Stelvio skrensar inn i den delen av marknaden ein no finn Audi Q5, BMW X3, Mercedes-Benz GLC og Porsche Macan. Med andre ord den litt finare avdelinga av dei mellomstore SUV-ane.

Her fiskar Alfa Romeo i eit hav med store verdiar, men samtidig knallhard konkurranse. Det blir satsa på høg kvalitet, gode køyreeigenskapar, praktiske løysingar og designtriks som skal kapre kundar.

Førsteinntrykket er bra. Den ytre designen er vellykka, med fine proporsjonar – til ein SUV å vere – og aggressiv front. Den fancy lakkfargen på testbilen (kalla «Competizone Red») får han til å skine litt ekstra. Innvendig er opplevinga meir blanda. Alfa Romeo har beheldt dei analoge klokkene, der for eksempel Audi Q5 har ein digital skjerm, og det kjennest umiddelbart litt gammaldags. Samtidig er den midtstilte skjermen elegant felt inn i dashbordet, og byggjekvaliteten synest å vere på eit gjennomført premiumnivå. Seta er gode, men i testbilen var det ikkje mogleg å justere lengda på sitteplata. For å få dette må bilen utstyrast med sportssete, som ser ut til å vere ein del av ein sportspakke til 25.000 kroner.

Artikkelen held fram under biletet

PREMIUM: Interiøret har god byggjekvalitet, men sjølve instrumenteringa blir gammaldags samanlikna med for eksempel Audi Q5. Likevel kan ingen av konkurrentane matche dei tøffe girhendlane, som ser ut som dei er løfta rett ut av ein Ferrari.
PREMIUM: Interiøret har god byggjekvalitet, men sjølve instrumenteringa blir gammaldags samanlikna med for eksempel Audi Q5. Likevel kan ingen av konkurrentane matche dei tøffe girhendlane, som ser ut som dei er løfta rett ut av ein Ferrari.

Lett

Under panseret er det ein 2,2 liters dieselmotor på 210 hestekrefter, og bilen har ein startpris på 590.000 kroner. For 70.000 kroner til får ein ein bensinmotor på 280 hestekrefter.

Det gjer at Stelvio legg seg litt under dei hardaste konkurrentane frå Audi, BMW og Mercedes-Benz, mens Macans einaste dieselmotor er ein god del sterkare og langt dyrare. Av desse bilane er den dyre Porschen den desidert beste å køyre, men også Stelvio leverer overtydande eigenskapar på vegen.

Her hjelper det så definitivt at Alfa Romeo-ingeniørane har klart å halde magemålet på bilen i sjakk. 1660 kilo er 100 kilo under dei hardaste konkurrentane og heile 200 kilo under Porsche Macan. Med den høge SUV-en er dette noko bilen får mykje igjen for på vegen. Både når det gjeld svingeigenskapar og rein styrke. Null til hundre-tida er oppgitt til truverdige 6,6 sekund, kjappare enn nokon av dei nemnde SUV-ane.

Det kan vise seg å bli svært viktig for Stelvio. Som nykomar er det definitivt ein fordel å kunne brife med å vere den sprekaste i flokken.

Leiken

Motoren er kopla til ein kjapp åttetrinns automatgirkasse, som kan styrast med hendlar på rattet. Desse ser ut som dei er løfta rett ut av ein Ferrari, utført i metall og montert på rattstammen. Det skaper ein følelse av at bilen er litt spesiell, og det er så definitivt inga ulempe å minne sjåføren på at denne bilen har eit slektskap til den legendariske sportsbilfabrikken. Det same gjer startknappen på rattet.

Alfa Romeo ønskjer å vere eit sportsleg merke, og Stelvio gjer ein god jobb med å byggje opp truverdet her. I ope landskap er han kvikk og leiken. Bilen har ei ideell vektfordeling med 50 prosent framme og tilsvarande bak. I utgangspunktet er det berre trekk på bakakslingen, medan opptil 50 prosent kraft blir overført til framhjula etter behov. Via eit hjul på midtkonsollen kan ein stille inn køyredynamikken på tre ulike nivå. Ein kan ikkje tilpasse girkasse, gassrespons, styring og fjæring individuelt, slik ein kan på mange av konkurrentane. Samtidig er den mest sportslege settinga greitt sett opp, så det er ikkje noko stort sakn.

Reint praktisk er Stelvio på høgde med konkurrentane. Ein må dukke litt ned på veg inn i baksetet, men vel inne er plassen der grei. Bagasjerommet lir under at hjula tek mykje plass, men det rommar omtrent det same som dei andre.

Alfa Romeo håper at Stelvio bidrar til ein dobling av salet. Det er slett ikkje usannsynleg, fordi dette er ein god bil, og ikkje minst fordi salet deira har vore superstussleg dei siste åra.

Til toppen