INNBYRDES OPPGJER: Dei er alle frå Sogndal og har alle tenkt å kjempe om gullet i vektklasse -93 under NM i benkpress i Lillestrøm i slutten av mars. Frå venstre: Dag André Mo, Roger Navarsete og Tommy Navarsete. Foto: privat.
INNBYRDES OPPGJER: Dei er alle frå Sogndal og har alle tenkt å kjempe om gullet i vektklasse -93 under NM i benkpress i Lillestrøm i slutten av mars. Frå venstre: Dag André Mo, Roger Navarsete og Tommy Navarsete. Foto: privat.

Denne trioen har skumle planar før NM i benkpress

– Viss alle får godkjende løft, så er eg sikker på at pallen kjem til å tilhøyre Sogndal.

Sogndal: Roger Navarsete, Tommy Navarsete og Dag André Mo representerer Sogndal idrettslag og har alle ambisjonar om å hevde seg i benkøvinga under NM i Lillestrøm i mars.

– Viss alle får godkjente løft, så er eg sikker på at pallen kjem til å tilhøyre Sogndal, spår Roger Navarsete.

Les også: Denne trioen har skumle planar før NM i benkpress

NM-kongen gjer comeback

Etter at Dag André Mo la opp er det søskenbarna Tommy og Roger Navarsete som har forsvart dei norske fargane i internasjonale meisterskap. I fjor vart dei nummer tre og fire i EM.

No gjer den mest meritterte av dei comeback. 

– Eg gjekk eit år utan å konkurrere, men det vart eit sakn etter ei stund, seier Mo, som har ei rekkje NM-gull og sterke plasseringar i internasjonale meisterskap å vise til.

Han meiner sjølv at han allereie har henta inn att dei førti kiloa på stanga som han mista etter han la opp. No satsar han for fullt att, så langt det er mogleg i kombinasjon med jobb og familie.

– Eg er eit konkurransemenneske, så det er klart eg legg ein god del arbeid ned i det. Eg har ikkje høve til å trene like ofte som før, men eg har hatt like god framgong no, seier Mo. 

Kortreist konkurrent

Målet til konkurrenten og klubbkollegaen om å tapetisere NM-pallen ser han på som realistisk.

– Det er me tre som har det høgaste nivået. Så blir det spanande å sjå kva plasseringane blir. Det hadde vore spesielt, noko tilsvarande har ikkje blitt gjort tidlegare i benkpress i Norge, seier Mo.

Roger Navarsete har mål om å gjere det sterkt i både NM, EM og VM denne sesongen. Den oppgåva vart plutseleg hakket tøffare, men sjølv tykkjer han det berre er kjekt å ha fått ein utfordrar frå eigne rekkjer.

–  Dag André er ein kjempekar og kjempesterk. Og sjølvsagt når det er snakk om ein sterk konkurrent, så kjem han frå Sogndal.

Til toppen