TOPP 10: Turen til Torstein i Oftedalen i Lærdal vart vald ut som topp 10 av Noregs mest populære turruter, og hamna på ein 9.plass.
TOPP 10: Turen til Torstein i Oftedalen i Lærdal vart vald ut som topp 10 av Noregs mest populære turruter, og hamna på ein 9.plass. (Foto: Jan Christian Jerving )

Denne turruta i Lærdal er blant Noregs mest populære

Turen til Torstein i Lærdal landa blant topp 10 av 100 påmelde.

Lærdal: Over 100 turruter har konkurrert om å bli Noregs beste. 

Då avstemminga vart avslutta, pryda tre turar frå Sogn og Fjordane lista av dei ti favorittane.

Turen til Torstein i Lærdal havna på ein 9.plass med 486 stemmer. 

Trivselsskogen i Midtre Nordfjord havna på ein 5.plass med 800 stemmer og Skålatårnet i Loen havna på 10.plass med 447 stemmer.  

Fekk tekniske problem, måtte starte opptellinga på nytt

Avstemminga vart avheldt på turrute.no og var arrangert av Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunar, med støtte frå Den Norske Turistforening (DNT), Friluftsrådenes Landsforbund og Miljødirektoratet. 

Rett før målstreken fekk nettstaden tekniske problem og måtte nullstilla alle stemmetellarane for alle rutene.

Dette tyder at stemmetala på sida ikkje visar dei totale stemmene. Ifølgje nettstaden fekk dei inn over 32.000 stemmer. 

I neste runde av avstemminga vil det bli kåra fylkesvinnarar. 

Til toppen