POPULÆRT STUDIUM: På Høgskulen i Sogn og Fjordane er det i år 64 prosent fleire søkjarar til sjukepleieutdanninga. Foto: Falkeblikk.
POPULÆRT STUDIUM: På Høgskulen i Sogn og Fjordane er det i år 64 prosent fleire søkjarar til sjukepleieutdanninga. Foto: Falkeblikk.

Denne utdanninga er i vinden som aldri før

På landsbasis er auken i talet søkjarar til sjukepleiestudiet på tjue prosent. Det er ein formidabel oppgang, men viserektoren for Høgskulen i Sogn og Fjordane har enno meir imponerande tal å slå i bordet med.

– Hos oss er auken på 64 prosent. Det er heilt spesielt og det trur eg er fordi vi har ei sjukepleieutdanning med godt omdøme, seier Bjelle. 

Lett å få seg jobb

NØGD: Viserektor Terje Bjelle konstaterer at Høgskulen i Sogn og Fjordane har ei av dei mest populære sjukepleiestudia i landet. 
NØGD: Viserektor Terje Bjelle konstaterer at Høgskulen i Sogn og Fjordane har ei av dei mest populære sjukepleiestudia i landet. 

Han seier sjukepleie er eit yrke og ei utdanning som har vore på veg opp ei god stund. Statusen har heva seg, jobbmoglegheitene er gode og det har blitt fleire moglegheiter til å ta vidareutdanning. 

Det, kombinert med  litt meir usikre økonomiske tider, trur han forklarer oppgangen. For i usikre tider vel ungdomen trygge yrkesval. Og der har nyutdanna sjukepleiarar usedvanleg gode kort på handa. 

– Me spør studentane korleis det har gått seks månader etter at dei har fullført utdanninga. Dei som har svara at dei ønskjer å jobba, dei har fått seg jobb. Dei oppfattar ikkje jobbmarknaden som særleg vanskeleg, seier Bjelle. 

Usikre tider i oljen

Medan sjukepleiarane er i vinden, er det naturleg nok få som søkjer seg til oljerelaterte utdanningar. Kva studiar desse søkjarane har vald i staden, har ikkje Bjelle ei nøyaktig oversikt over. 

– Men eg vil tru at den landbaserte industrien får det vesentleg enklare med å rekruttere teknologisk arbeidskraft og kompetanse. Det ville forbause meg om ikkje det merkast, seier han. 

Bjelle trekkjer fram ingeniørutdanninga, elektro og elkraft, bygg- og anlegg, økonomi og fornybar energi som aktuelle for søkjarar som ellers ville søkt mot oljen.

– Noko av dette er nye utdanningar som ikkje har fått festa seg heilt på arbeidsmarknaden enno. Men me trur og håpar at ein del av studentane her  òg kjem seg inn i landbasert industri, seier Bjelle.

 

Til toppen