UTSIKT: Turen til Prest, her utsynet frå toppen ned mot Aurlandsvangen og fjorden, er ein del av Nordens finaste fotturferie ifølgje «The Telegraph». Foto: Vegard Steine
UTSIKT: Turen til Prest, her utsynet frå toppen ned mot Aurlandsvangen og fjorden, er ein del av Nordens finaste fotturferie ifølgje «The Telegraph». Foto: Vegard Steine

Denne utsikta er ein del av Nordens finaste fotturferie

Fjordcruise til Flåm, fottur til Prest og ei reise på Flåmsbana er element i verdas åttande finaste fottur, ifølgje avisa «The Telegraph».

Aurland: Den britiske avisa «The Telegraph» har kåra verdas ti finaste fotturferiar, og «eventyrleg fjordfotturferie» på Vestlandet kjem på åttande plass i kåringa.

Denne turen startar med tog frå Bergen til Voss og to netter på Hotel Myrkdalen med innlagt tur i området. Vidare kryssar ein Sognefjorden til Balestrand, går på tur og overnattar her, før fjordcruise fører ein frå Balestrand til Flåm.

Turopplevinga frå Flåm går til toppen Prest, siste fottur på ruta. Etter overnatting i Flåm tek ein sjølvsagt Flåmsbana til Myrdal og toget tilbake til Bergen.

Vinnaren av kåringa er vårtur i Alpujarras i Spania. Ettersom ingen andre turar i nordiske land er på lista, blir såleis fjordfotturferien på Vestlandet den finaste fotturferien i Norden, ifølgje «The Telegraph». 

Til toppen