STENGT: Den kommunale vegen på Moldasida i Lærdal blir stengt frå onsdag 10. mai og ei veke fram i tid. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
STENGT: Den kommunale vegen på Moldasida i Lærdal blir stengt frå onsdag 10. mai og ei veke fram i tid. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Denne vegen blir stengt frå onsdag av

Dessutan er det kolonnekøyring gjennom Fodnestunnelen i intervallar som kan variera.

Lærdal: Fleire vegutbetringar i Lærdal gjer at trafikantar må bu seg på stenging og venting den komande veka.

Lærdal kommune opplyser at fylkesveg 271 på  Moldasida blir heilt stengt frå onsdag 10. mai og om lag ei veke fram i tida. Stenginga gjeld på strekninga frå garden til Anders Molde opp til Voll Lunde. Grunnen er at vegen skal utbetrast.

På rv. 5 har det siste veka vore kolonnekøyring gjennom Fodnestunnelen grunna tunnelarbeid. Kolonnene har gått så dei skal matcha ferjeavgang og -ankomst, men personell på staden opplyser at dette til tider kan fråvika avhengig av pågåande arbeid.

KOLONNE: Du må bu deg på venting ved Fodnestunnelen fram mot 19. mai. 
KOLONNE: Du må bu deg på venting ved Fodnestunnelen fram mot 19. mai. 

Ifølgje Statens Vegvesen kan det bli snakk om venting i inntil 20 minuttar mellom klokka 8 og 16 kvardagar, og arbeidet er berekna ferdigstilt fredag 19. mai. Personell på staden opplyser at det kan bli opphald i arbeidet i perioden, så det kan bli dagar med fri ferdsel gjennom tunnelen

Til toppen