HØGTHENGJANDE: Prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring) går mellom andre til Kongevegen over Filefjell. Foto: Jan Christian Jerving.
HØGTHENGJANDE: Prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring) går mellom andre til Kongevegen over Filefjell. Foto: Jan Christian Jerving.

Denne vegen har fått kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen

– Dette er ganske utruleg, seier prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen.

Lærdal: Prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring) går mellom andre til Kongevegen over Filefjell. Det er ikkje småtteri, forklarar lærdalsordførar Jan Geir Solheim:

– Stonehenge vann i 2015 vann denne prisen i 2015. Frå 4. - 5. Så dette er ei nyhende som set oss veldig på Europakartet. Det er den største prisen innan kulturminnevern i Europa.

OSCAR: Jan Adriansen kallar prisen for Oscarprisen innan kulturminnevern.
OSCAR: Jan Adriansen kallar prisen for Oscarprisen innan kulturminnevern.

EU Kommisjonen og Europa Nostra har i dag offentleggjort vinnarane av EUs Kulturminnepriser/Europa Nostra pris for 2017, Europas mest prestisjetunge utmerkingar innenfor kulturminnesektoren.

«Dei 29 prisvinnarane frå 18 land har fått denne erkjenninga for sine eksemplariske resultatat innanfor bevaring, forsking, spesiell innsats og utdanning, trening og bevisstgjering», står det i ei pressemelding frå Europa Nostra.

– Må jo ha gjort noko riktig

Uavhengige juryar beståande av spesialistar har vurdert til sammen 202 prosjekt, innsendt frå organisasjoner og enkeltpersonar frå 39 forskjellige land over heile Europa og plukka ut vinnarane.

– Både Vang og Lærdal kommune vedtok å bruka 100 000 kroner på ein søknad til denne prisen. Det var ganske heftig då, men eg lurer på kor mange gonger me har dobla den summen i marknadsføringsverdi, seier ordførar Solheim

– Då me fekk Vakre vegers pris var det utruleg - og dette er ganske mykje større. Det er liksom kulturminnesektoren sin Oscar, berre at Oscar får mykje meir merksemd. Å koma på UNESCO-lista kan måla seg med dette, men då handlar det om kulturminna i seg sjølv - denne prisen får ein for arbeidet med å bevara kulturminne. Så me må jo ha gjort noko riktig, seier Adriansen.

Han har leia det omfattande restaureringsarbeidet som er gjort på Kongevegen over mange år i det siste

Les også: Kongevegen er vakrast i landet

Les også: Imponerande arbeid i Galdane

Artikkelen held fram under biletet

STORT ARBEID: I mange år har det vorte jobba med restaurering av Kongevegen, noko som verkeleg har gitt resultat i form av den gjeve prisen. Arkivfoto
STORT ARBEID: I mange år har det vorte jobba med restaurering av Kongevegen, noko som verkeleg har gitt resultat i form av den gjeve prisen. Arkivfoto

Plácido Domingo gratulerer

Kongevegen over Filefjell er ein av elleve kulturminner som får Europa Nostra-prisen innanfor kategorien "Bevaring".

– Og det er den mest høgthengjande kategorien, seier ordførar Solheim.

Presidenten i Europa Nostra er ingen ringare enn operasangaren Plácido Domingo. Han uttalar følgjande i pressemeldinga frå organisasjonen:

– Eg gir mine varmaste gratulasjonar til årets prisvinnarar og uttrykkjer min respekt for alle dei som har oppnådd desse resultata gjennom sine evner, glødande engasjement og sjenerøsitet.

– Dei kan no teljast blant ei utvald gruppe på om lag 450 heilt spesielle prosjekt som over dei siste 15 åra er tildelt prisar fra Europa Nostra og EU-kommisjonen. Alle våre prisvinnarar viser at kulturarva er vesentleg for ee bêrekraftig økonomisk utvikling, sosial tilhøyrsle og eit meir inkluderande Europa, seier Domingo vidare.

Sjølve prisen blir delt ut i Turku i Finland 15. mai i samband med ein konferanse som blir halden frå 11. til 15. mai.

Til toppen