BELTEBRUK: Denne veka aukar Statens vegvesen innsatsen for å sjekke om folk brukar belte på bussen. Her kampanjeansvarleg Anne Margrethe Bøe. Foto: Statens vegvesen.
BELTEBRUK: Denne veka aukar Statens vegvesen innsatsen for å sjekke om folk brukar belte på bussen. Her kampanjeansvarleg Anne Margrethe Bøe. Foto: Statens vegvesen.

Denne veka sjekkar dei om du brukar belte på bussen​

Statens vegvesen legg ned ein ekstra innsats denne veka for å sjekke om bussreisande brukar belte. Slurvar du, kan du få 1500 kroner i gebyr.

Sogn: I fjor vart nesten 2500 passasjerar og bussjåførar kontrollert på Vestlandet. Kontrollen synte at 274 av desse ikkje brukte belte på buss. 

– Me gjer kontrollar heile året, men denne veka vil me trappe opp kontrollane våre i klasse 3-bussar her på Vestlandet. Samstundes skal me ut å formidle kampanjebodskapen til busspassasjerane og bevisstgjere dei om at det er viktig å feste belte også på bussen, seier Anne Margrethe Bøe som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest.

Av erfaring veit Vegvesenet at det som har best effekt på folk sine haldningar og åtferd er informasjon og kontroll på same tid. Difor skal dei ut og møte folk på dei største terminalane.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og andre du reiser saman med om det skulle skje en ulukke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val. Det er få ulukker i buss, men skadepotensialet er stort om noko skulle skje, seier Bøe.

Vil ikkje skilje seg ut

Delen som bruker belte i buss aukar. Dei fleste er klar over at det er påbode å bruke belte i buss når det er montert.

– Dette er ein positiv tendens. Meir informasjon, kontrollar i buss og risikoen for gebyr bidrar til å auke bruken. Me har heldigvis få ulykker i buss, men skadepotensialet er stort om noko skulle skje, seier Ingrid Heggebø Lutnæs.

Så mange som sju av ti unge under 30 år meiner det er sosialt akseptert ikkje å bruke belte i buss. Nokre er redde for å virke som petimeter eller «nerdete», medan andre ikkje ønsker å skilje seg ut blant medpassasjerar som ikkje har på seg belte.

– Her har vi alle eit ansvar for å gå føre som gode eksempel, oppfordrar Lutnæs.

(©Porten.no

Til toppen