NESSEPLAST: Erling Nesse, dagleg leiar i Nesseplast AS som er ein av dei nominerte verksemdene til årets Eldsjelprisar.
NESSEPLAST: Erling Nesse, dagleg leiar i Nesseplast AS som er ein av dei nominerte verksemdene til årets Eldsjelprisar. (Foto: Aleksander Åsnes/NRK )

Denne verksemda er ein av dei nominerte til årets Eldsjelprisar

IA-dagen er for alle bedrifter i Sogn og Fjordane og tema i år er «Morgondagens arbeidsliv – bevare og inkludere», det skriv NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: Brødrene Aa AS, Nesseplast AS og Fylkeskommunen si tannhelseteneste er innstilt til årets eldsjelpris for bedrifter av IA-rådet i Sogn og Fjordane. På IA-dagen 27. september på Sunnfjord Hotell i Førde, vert ein av dei nominerte kåra til årets IA-eldsjel.

– Vi har fått inn mange gode forslag på verksemder, og desse tre er nominert. Dei er alle svært gode representantar for praktisk og god inkludering, fortel Tove Rygg, avdelingsdirektør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.

Eldsjelprisen for personar

På IA-dagen 27. september blir det også delt ut ein Eldsjelpris for personar. Ann Elisabeth Tveit frå Innovasjon Norge, Ragnhild Holm frå Flora Kommune og Sigrunn Rygg frå Jatak AS er nominert til årets Eldsjelpris for personar av IA-rådet i Sogn og Fjordane.

– Det er mange eldsjeler i arbeidslivet. Dei innstilte utmerkar seg positivt, og er nominert for både systematisk nærværsarbeid og som viktige bidragsytarar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, fortel Tove Rygg.

IA-dagen Blir kvart år arrangert av IA-rådet i Sogn og Fjordane i samarbeid med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. Årets IA-dag finn stad på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 27. september.

Eldsjelprisen

IA-rådet og NAV Arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane deler kvart år ut ein IA-pris. Prisen går til verksemd/avdeling og personar som arbeidar for eit raust og inkluderande arbeidsliv.

IA-rådet i Sogn og Fjordane

IA-rådet er bindeleddet mellom partane i arbeidslivet. Rådet har ei viktig rolle i oppfølging av IA-avtalen og er ein god arena for diskusjonar som gir grunnlag for betre målretting av IA-arbeidet i fylka.

I IA-rådet for Sogn og Fjordane sit representantar for organisasjonane som har skreve under intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv. I tillegg finn vi Arbeidstilsynet region Vestlandet, NAV Sogn og Fjordane og leiar for NAV Arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane.

Til toppen