NY JUBEL: Kampprogrammet dei to siste serierundene gjer at Sogndal har lov til å håpa på ny jubel i eliteserien neste år. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Denne vesle detaljen kan avgjera nedrykksdramaet i favør Sogndal

Medan Aalesund møter to klubbar som kjempar om medalje i serieavslutninga, møter Sogndal to middelhavsfararar som ikkje har noko å spela for.

Sogndal: Det meste som kunne gå gale, gjekk gale for Sogndal sist helg.

Trass tre gigantsjansar og fire halvfarlege forsøk fekk dei ikkje ballen i mål mot Tromsø. Då har vi ikkje tatt med dei to måla som vart annulert.

Same kvelden presterte Aalesund å slå seriemeister Rosenborg 2-1. Sigeren var deira første på fjorten seriekampar. Med det hamna Sogndal under streken for første gong sidan sjuande serierunde: Tromsø er på trygg grunn med 34 poeng, Aalesund på kvalik med 29 poeng og Sogndal under streken med 28 poeng.

Det ser med andre ord mørkt ut når to rundar står att. Bekmørkt.

Men for dei som har studert kampprogrammet er det likevel rom for håp. For medan Aalesund møter Sarpsborg borte og Strømsgodset heime, lag som begge kjempar om sølvet i serieinnspurten, møter Sogndal Vålerenga og Stabæk, middelhavsfararar som har absolutt ingenting å spela for.

Desse to observasjonane forsterkar inntrykket av at Aalesund skal få slita:

  1. Sarpsborg har berre tapt èin kamp på heimebane denne sesongen. Det var mot Rosenborg i sjette serierunde.
  2. Strømsgodset har vunne sju (!) kampar på rad og er ligaens desiderte formlag.

Motstandarane til Sogndal er langt mindre fryktinngytande. 

Rett nok imponerte Stabæk med 5-0 mot Odd på bortebane sist helg, men laget har slite heime på Nadderud i år. Faktisk er Stabæk blant dei fire dårlegaste heimelaga i eliteserien denne sesongen, med seks tap på eige gras.

Så er Sogndal òg det svakaste bortelaget. Lat oss ikkje gløyma det heller. Men to sigrar har det blitt og den tredje bør koma 19. november.

Vålerenga er i sviktande form og har tapt begge dei to siste kampane. Verre, eller betre for Sogndal, er at seks av dei sju siste bortekampane har enda i tap. Den eine sigeren kom mot fortapte Viking. Avgjerande kampar mot Vålerenga på seinhausten gir heller ikkje så galne assosiasjonar for sogndøler.

Tromsø møter Haugesund heime og Brann borte og må tapa begge kampane, samstundes som Sogndal må vinna sine, for at dei skal kome likt på poeng. Det kan sjølvsagt skje, men då er me over i teoretisk drøymeland.

Det er derimot fullt mogleg å argumentera for at Sogndal er favorittar til å ta kvalikplassen framfor Aalesund. Det halmstrået er vel verdt å klamra seg til etter nokre bekmørke fotballdagar i saftbygda etter marerittkvelden sist helg.

Til toppen