Balestrand: Internatskulen har over 160 elevar og 50 tilsette. No skal dei få nytt kjøkken med eit totalbudsjett på 12 millionar kroner utan moms, melder skulen i ei pressemelding.
Kjøkkenet skal vera ferdig og klart for bruk i november. Under byggjeperioden vert maten servert frå kontainerkjøken, og matsalen vert nytta som vanleg.
– Me fornyar no for framtida, seier Knut Heng, rektor ved Sygna vidaregåande skule.
Løft for skulen
Det nye kjøkkenet skal løfta fellesbygget på skulen. Der er det blant anna matsal og kjøkken, som vil bli utvida mot nordaust.
– Grepet gjer at skulen innfrir dagens krav til storkjøkkendrift, for påbygg til kjeldesortering, kontor for internatleiar og kjøkenleiar og ekstra opphaldsrom og bad, heiter det i pressemeldinga.
Balestrand-verksemda Hanevik Maskin står for grunnarbeidet, medan Ah-bygg frå Sogndal er totalleverandør.