INFORMASJONSVIDEO: NINA og Norsk villreinsenter har laga ein animasjonsfilm som skal få folk til å forstå den dødelege dyresjukdommen.
Video
INFORMASJONSVIDEO: NINA og Norsk villreinsenter har laga ein animasjonsfilm som skal få folk til å forstå den dødelege dyresjukdommen. (Bilde: Skjermdump)
Video

Denne videoen syner korleis skrantesjuka smittar mellom hjortedyr

NINA og Norsk villreinsenter har laga ein animasjonsfilm som skal få folk til å forstå den dødelege dyresjukdommen.

Aurland: For tida pågår det ein utvida jakt på villrein i Nordfjella i eit forsøk på hindra spreiing av skrantesjuka, eller CWD. Så langt er sjukdommen påvist på seks villrein i Nordfjella.

I eit forsøk på å svara på spørsmåla som dukkar opp hjå mange, har Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk villreinsenter laga ein film fortel kva skrantesjuka eigentleg er og kvifor det er så utfordrande å bekjempa sjukdommen.

Sjå videoen nedst i artikkelen.

– Me opplever at jegerar og andre har spørsmål om og lurer på kva skrantesjuka eigentleg er. Dette har me tatt på alvor og har fått laga ein film som på enklast mogleg vis forsøker å forklara kva denne alvorlege sjukdommen er, korleis han smittar og kvifor smitterisikoen er så stor ved saltsteinar, Olav Strand, forsker i Norsk institutt for naturforskning (NINA) i ei pressemelding.

Svarar på spørsmål

Sjukdommen er kjend frå Nord-Amerika. På 80-talet blei han oppdaga i stadig nye område. Då sjukdommen blei påvist i Nordfjella for første gong våren 2016, var det også første registrerte tilfelle på reinsdyr nokon gong. Det var også første gongen ein påviste prionsjukdommen i Europa.

– Men kva er eigentleg eit prioprotein og korleis råkar det hjortedyr? Kva er viktig smittekjelder? Dette er slikt mange lurer på, og som me håpar å gi svaret på med filmen, seier Strand.

I dag pågår det ei omfattande prøveinnsamling frå alle felte dyr i Nordfjella villreinområde. Målet er å få kartlagt sjukdommen. Det er også starta eigne innsamlingsprogram blant villrein på Hardangervidda og i Forollhogna. Strand oppfordrar alle jegerar til å levera inn prøvar frå felte dyr.

Slik smitter skrantesjuke from NINAforskning on Vimeo.

Til toppen