Denne videoen tek av på nettet - Lokeløpet er sett av nær 3 millionar

Videoen av Lokeløpet i Gudvangen blei delt av ei utenlandsk facebookside og har på nokre dagar blitt delt 39.000 gonger og sett av over 2,5 millionar.

Aurland: – Det er morsomt då. Eg veit ikkje om folk forstår humoren, men det er moro med internasjonal merksemd, seier Frode Tufte og ler. 

Han er dagleg leiar i Gudvangen Utvikling og har mykje å gjera fram til neste Lokeløp går av stabelen om to helger. 

Vikingløp for dei med ballar av stål 

I videoen som ligg på Facebook står det "dette vikingløpet er berre for dei med ballar av stål". På Lokeløpet skal nemleg menn feste ein trestokk til understellet sitt medan dei spring. 

– Eg trur folk som kommenterar tykkjer det er ein passe porsjon med galskap. Folk utfordrar kvarandre i kommentarfeltet, det er mykje liv der, humrar Tufte. 

Det er varierande tal på deltakarar i Lokeløpet kvart år og Tufte kan forsikra om at ingen er blitt skada av den noko uvanlege aktiviteten. 

– Det er vel ikkje heilt fritt for at dei går forsiktig, dei spring ikkje avgarde, men det er underhaldande å sjå på. 

Kan kanskje lokka fleire til Gudvangen

Det er ikkje berre litt spesielle løp for ekte vikingar som skjer på marknad i Gudvangen. 

– Me gjer alt mogleg. Ein kan læra vikingbryting, me har ein av dei beste slåssarane i Europa med oss så folk kan læra seg sverdkamp. Me har konsert med Einar Salvik som har laga musikk til både Vikingarna og Vikings. Ikkje minst er det mange vikingar som kjem og høgt tempo heile tida.

No blir det spanande å sjå om fleire tek turen til Gudvangen etter at videoen har gått viral på Facebook.

– Det gjenstår å sjå, men dei fleste ser jo at det skjer noko i Gudvangen no då, seier Tufte og ler. 

 
Til toppen