NYGIFT: Brudeparet Anne Grethe Fredheim-Bergum, Kjell Bergum og ordførar Ivar Kvalen etter vigsla på rådhuset.
NYGIFT: Brudeparet Anne Grethe Fredheim-Bergum, Kjell Bergum og ordførar Ivar Kvalen etter vigsla på rådhuset. (Foto: Anita Bjørk Ruud)

Denne vigsla er historisk i Luster kommune

På fredag var det aller fyrste brudeparet på besøk i Luster rådhus.

Luster: – No er det slik at kommunane har fått overført vigsleansvaret frå sorenskrivaren og kan utføre vigsle. Det er me byrja med og hadde nyleg den fyrste vigsla på rådhuset, seier ordførar Ivar Kvalen. 

Han har vigd eit par tidlegare men aldri før har det vore vigsle i rådhuset.

– Vigsla blei jo historisk i kommunen.

Det blir fleire bryllaup på rådhuset

Det ser ut til at borgarleg bryllaup blir meir og meir populært i framtida - i alle fall i Luster.

NØGD: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, utfører no vigsler på rådhuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Me har allerede tre vigsler til i nærmaste framtid. To av dei er par frå andre stader som har valt å koma til Luster for å gifta seg, og det tykkjer me er ekstra kjekt, seier Kvalen.

Ordføraren trur noko av grunnen til at par vil gifta seg i Luster er at det er fint å vera der. 

– Eg trur dei vel å ha ei langhelg i kommunen med bryllaup og knyta det saman med andre aktivitetar som me tilbyr her. Dei ser på det som ein utvida familiesamankomst. 

Nøgde med vigsla til Kvalen

Anne Grete Fredheim-Bergum og Kjell Bergum - det nygifte brudeparet på rådhuset var særs nøgde med vigsla utført av ordføraren. 

– For dei var det naturleg å gjera det på denne måten, og så tykte dei det var kjekt å bli vigd av ein dei kjenner godt, seier Kvalen. 

Han er oppteken av at kommunen er fleksible med å strekka seg etter det brudeparet ynskjer for vigsla. 

– Brudeparet får stor friheit til å gjera som dei vil og me legg til rette så godt me kan. Det er ingen nødvendigheit at det er på rådhuset det skjer, så viss folk vil gifta seg i hagar eller privat så er me opne for det.

– Fyll opp heile rådhuset om de vil

Ekteparet Bergum blei gift framanfor nærmaste familie. 

– Kravet vårt er at dei har med seg to forlovarar eller to vitner som må skriva under på at det heile har skjedd. Utover det kan dei ha med seg så mange dei vil. Om dei vil fylla opp heile rådhuset så er det greitt for oss, seier Kvalen.

Til toppen