FEKK NEI: Sogn Regionråd bad om møte med Arbeids- og sosialdepartementet om NAV-samanslåing, men fekk avslag.
FEKK NEI: Sogn Regionråd bad om møte med Arbeids- og sosialdepartementet om NAV-samanslåing, men fekk avslag. (Bilde: Arkiv)

Departement-nei til NAV-møte: – Vitnar om ein smule arroganse

Regionrådsleiaren nektar å godta avslaget. – Dette er ei for viktig sak for oss til det, seier han.

Leikanger: I slutten av juli ba Sogn Regionråd om eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet for å diskutere den tilrådde samanslåinga av NAV i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Vi er opptekne av kva konsekvensar det vil ha for arbeidsmarknaden i
regionen at vi mistar eit tjuetals offentlege arbeidsplassar. Vi meiner det bør vere mogleg å gjere avbøtande tiltak for å gjere konsekvensane av denne avgjerda mindre, skreiv leiar i regionrådet, ordførar Petter Sortland i Høyanger.

No har svaret kome og det er kort og godt: nei.

I svarbrevet argumenterer avdelingsdirektør Dagfinn J. Hansen i Arbeids- og sosialdepartementet for at lokaliseringa av det nye regionkontoret i Bergen ikkje vil få negative konsekvensar for samarbeidet mellom sognekommunane i Nav. Vidare legg han til grunn at arbeidstakarane som eventuelt må flytte på seg «vil bli ivarettatt på ein god måte i tråd med lov og avtaleverk».

– Departementet kan difor ikkje sjå at eit møte er føremålstenleg.

Svaret har fått regionrådsleiaren til å tenne på alle pluggane.

– Det er merkeleg, og det vitnar om ein smule arroganse. Vi er ni kommunar i Sogn som alle er urolege for dei offentlege arbeidsplassane i Sogndal/Leikanger. NAV-reforma er ei av fleire reformer som skyler over landsdelen, seier Sortland i eit intervju med NRK.

Vidare seier han at dei ikkje vil godta avslaget.

– Dette er ei for viktig sak for oss til det. Vi vil ha ei grunngjeving for at dei gjer som dei gjer. Vi vil og ha ei forsikring om at dei ikkje skal tappe NAV på Leikanger til fordel for Bergen, seier Sortland til statskanalen.

Til toppen