NY VEG: Årdal kommune og Hydro har forskuttert midlar for å få i gang planarbeidet med å leggje fylkesveg 53 utanfor Holsbrutunnelen.
NY VEG: Årdal kommune og Hydro har forskuttert midlar for å få i gang planarbeidet med å leggje fylkesveg 53 utanfor Holsbrutunnelen. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Deponiet kan bli til ny veg utanfor tunnelen

Årdal kommune og Hydro har forskuttert midlar for å få i gang planarbeidet med å leggje fylkesveg 53 utanfor Holsbrutunnelen.

Årdal: Årsaka til at dei to går saman om å betale for planarbeidet er for å hindre at vidare arbeid med å leggja vegen på utsida av tunnelen ikkje blir forsinka.

I desember skal regional transportplan vedtakast. Ved at planarbeidet no vert sett i gang, vil kommunen seinare i haust kome eit innspel til transportplanen om at dei ønskjer å få tiltaket gjennomført i komande vegperiode. 

Ein fordel

I dag ligg det ikkje inne løyvingar til prosjektet, men ved å starte reguleringsplanarbeidet vil ein få fastslå korleis prosjektet kan gjennomførast. Med andre ord kan ikkje fylkespolitikarane bruke det som unnskyldning til ikkje å ta med prosjektet i transportplanen.

NØGD: Olve Fossedal, rådmann i Årdal (t.v.), er nøgd med at planarbeidet med fylkesvegen kjem i gang. Her saman med ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid. 
NØGD: Olve Fossedal, rådmann i Årdal (t.v.), er nøgd med at planarbeidet med fylkesvegen kjem i gang. Her saman med ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.  Bilde: Truls Grane Sylvarnes

– Me er godt nøgd med at det vert starta opp planarbeid og ser fram til at tiltaket kan gjennomførast i komande vegperiode, seier rådmann i Årdal, Olve Fossedal, til Porten.no.

Leiar i samferdsleutvalet, Noralv Distad, meiner det er ein fordel at prosjektet er ferdig planlagt før den regionale transportplanen blir vedteken.

– Det neste er då om prosjektet kjem i løyvingsposisjon, men det er politikk og kjem av ei totalprioritering saman med dei andre prosjekta som blir spelt inn, seier han.

Éin kilometer ny veg

Planarbeidet vert starta ut frå eit vedtak som blei gjort av fylkeskommunen i 2010. Eigentleg skulle det ha starta tidlegare, men den gongen vart det trekt tilbake att, fortel sakshandsamar hjå Vegvesenet, Bente Øyre.

– Ved at kommunen og Hydro gjorde avtale med fylkeskommunen om forskuttering av midlane, kunne arbeidet starte no, forklarar ho.

– No varslar me om oppstart av planarbeidet slik at folk kan koma med innspel viss dei har spesielle opplysningar som kan vere greie å kjenne til allereie i starten. Me håpar at planen skal vera klar til utlegging før nyttår, legg ho til.

Når det gjeld sjølve vegplanane, så er planen å nytte deponiet etter kraftutbygginga som ligg like ved tunnelen i dag til å legge vegen utanfor tunnelen. Tunnelen er kort, men smal og manglar lys. Spesielt om vinteren er det driftsproblem på grunn av mykje vatn og is. Den «nye» vegen blir omtrent éin kilometer lang.

Til toppen