STÅR FAST: Der Gro Agnethe Nybø peikar står dei seks sauene fast. Foto: Ole Ramshus Sælthun
STÅR FAST: Der Gro Agnethe Nybø peikar står dei seks sauene fast. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Der oppe står sauene fast

I løpet av helga skal klatrarar prøva å få dei seks sauene til Gro Agnethe Nybø trygt ned.

Lærdal: – Eg høyrde eit lam som stod og skreik. Me keik under fossen, og far min sa «det kan no vel ikkje vera der oppe?» og peikte over fossen. Men jammen var den der. Og fem andre. Me fekk sjokk, seier Gro Agnethe Nybø.

Det var måndag denne veka dei oppdaga dei seks sauene i eit gjel under Råken og aust for Bøafossen på Ljøsne i Lærdal. Nybø har 100 vinterfôra sauer og nesten alle har kome heim i haust. 

Så tok førjulstida ei uventa vending.

– Det har aldri vore folk eller dyr der. Terrenget er forferdeleg. 

Overnatta på fjellhylle med ei geit

Men ho visste råd. Etter ein runde med research på dataen fann ho fram til «Den norske frivillige dyreredningstjenesten» som hadde berga ned ei geit som var skårfast i Undredal for to år sidan.

– Dei heldt til langt oppi nord. Men eg tok kontakt og då viste det seg at dei hadde folk på Vestlandet også.

Artikkelen held fram under biletet

BEKYMRA: Gro Agnethe Nybø kjem til å ha hjarta i halsen når bergingsaksjonen skal utførast i helga.
BEKYMRA: Gro Agnethe Nybø kjem til å ha hjarta i halsen når bergingsaksjonen skal utførast i helga.

Organisasjonen var ikkje vanskeleg å be - dei ville ta oppdraget. Vilde Mikael Rostad er ein av dei som no skal opp til fossen og sjå om han får berga ned sauene. Han var også av dei som fekk ned geita i Undredal:

– Den stod på ei fjellhylle og eg vart fira 350 meter ned på hylla. Eg overnatta der, og morgonen etter då eg vakna stod geita ved sidan av og lurde på kva eg dreiv med. Så eg og geita vart fira oppatt og det heile enda bra.

Skal prøva å vinna sauene sin tillit

Han har fått bilete og kart frå Nybø, og reiser til Lærdal fredag kveld for å starta oppdraget laurdag morgon. Akkurat korleis det skal løysast veit han ikkje enno

– Det blir litt improvisering undervegs. Men me stikk opp og prøver å vinna sauene sin tillit med salt, kraftfôr og kanskje nokre epler - dei er trugande til å hoppa utfor. Truleg blir me buande med sauene i fjellsida over natta for å akklimatisera dei og prøver å ta dei ned søndag.

Han fortel «Den norske frivillige dyreredningstjenesten» vart oppretta fordi dei ville gje bønder med dyr som går seg fast alternativ til å skyta dyra.

– Me likar dyr og er vel litt eventyrarar - slikt gir oss ro i sjela. Sjølv jobbar eg med fjellsikring i firmaet Vimo fjellsikring som har oppdrag med dette i Bergen og omegn. Han som er primus motor for organisasjonen jobbar i eit liknande firma tilhøyrande i Harstad - Visinor. 

Artikkelen held fram under biletet

TRYGGE: Eksemplarane Gro Agnethe Nybø har av gamalnorsk spelsau er trygt nede på jorda - dei går i flokk og kjem alltid greitt heim til gards.
TRYGGE: Eksemplarane Gro Agnethe Nybø har av gamalnorsk spelsau er trygt nede på jorda - dei går i flokk og kjem alltid greitt heim til gards.

Skal sjå etter vrakdeler frå tysk fly som styrta under krigen

– Trur du de klarar å få sauene med ned?

– Det torer eg ikkje å seia - i verste fall blir det veldig mykje sauekjøt på garden der. Å skyta sauene er siste utveg, eg håpar ikkje me må gå til det skrittet. Håpet er at me klarar å lokka dei med den vegen dei har gått seg fast i utgangspunktet. Men eg vil ikkje selja skinnet før sauen er skoten, for å seia det slik. Eg håpar ikkje me må til å heisa dei oppover - det er grådig tungt å heisa opp seks sauer.

Han skal ha med seg ein, kanskje to til. Eventyrarane har også ein mogleg «bonus» i vente under oppdraget.

– I følgje Nybø styrta det eit tysk fly i gjelet under krigen. Så me skal kika litt etter vrakdeler i området.

– Ein kan ikkje lukka øyrene når eit lam står og skrik

Nybø på si side er bekymra.

– Eg kjem til å ha hjarta i halsen heile helga for både folka og sauene. 

Ho fortel redningsmannskapet skal gå opp via stien ved Bøafossen over ein knaus og ned i gjelet. Så kjem det an på korleis sauene oppfører seg, men ho ser føre seg tre alternativ for å få dei ned att - same vegen som mannskapet går opp, meir direkte mot Bøafossen via eit hylleparti det er uvisst om er farbart, eller heilt over Råken og ned att Senndalen.

Artikkelen held fram under biletet

HER: Fem av sauene står på eitt av hyllepartia eit stykkje til høgre for fossen, eitt lam står på eit hylleparti rett til høgre for fossen. Bergingsmannskapet skal ta seg over toppen på biletet og ned gjelet. Anten vil dei få med sauene same veg tilbake, eller prøva å ta seg rett ut til høgre via hyllepartiet ein ser, men dei må undersøka om det er farbart her først.
HER: Fem av sauene står på eitt av hyllepartia eit stykkje til høgre for fossen, eitt lam står på eit hylleparti rett til høgre for fossen. Bergingsmannskapet skal ta seg over toppen på biletet og ned gjelet. Anten vil dei få med sauene same veg tilbake, eller prøva å ta seg rett ut til høgre via hyllepartiet ein ser, men dei må undersøka om det er farbart her først.

For ho og dei eventyrlystne, dyreglade folka frå organisasjonen gjer alt dei kan for dyra.

– Ein kan ikkje lukka øyrene når eit lam står og skrik - det er ikkje greitt. Tidlegare i dag såg eg det krinsa to ørnar der sauene er, dei håpar vel på noko mat.

Til toppen