I KUNSTFOAJEEN: Designføredraget med Arne og Carlos går av stabelen i Kunstfoajeen Lærdal kulturhus laurdag 28. januar kl 18. Pressefoto
I KUNSTFOAJEEN: Designføredraget med Arne og Carlos går av stabelen i Kunstfoajeen Lærdal kulturhus laurdag 28. januar kl 18. Pressefoto

Designarane Arne og Carlos held føredrag om gamle mønster og teknikkar

..og skulle du ha gamle kofter, vottar eller sokkar liggjande som er handverk frå Lærdal kan det bli ein del av ei utstilling. 

Lærdal: Prosjektet «Levande Lokale», designgruppa «Typisk Lærdal» og Lærdal husflidslag inviterer laurdag kveld til ope føredrag med designarane Arne Nerjordet og svenske Carlos Zachrison, som brukar førenamna sine som artistnamn.

– Dei skal snakka om korleis dei jobbar, kva dei blir inspirerte av og korleis dei brukar gamle mønster og teknikkar på nye måtar, seier Siv Støldal, som leier designgruppa «Typisk Lærdal».

Ho fortel vidare dei vil gje litt Lærdalsinspirasjon tilbake til Arne og Carlos i form av ei utstilling på veggen nedst i rommet, beståande av typisk strikk og handverk frå Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet

GRUPPE: Designar Siv Støldal leier delprosjektet "Typisk Lærdal" og designgruppa som utover vinteren og våren skal ha fleire workshopar. Her under ei synfaring på Gamle Lærdalsøyri, og målet med Levande lokale-prosjektet er å skapa meir liv her. Arkiv
GRUPPE: Designar Siv Støldal leier delprosjektet "Typisk Lærdal" og designgruppa som utover vinteren og våren skal ha fleire workshopar. Her under ei synfaring på Gamle Lærdalsøyri, og målet med Levande lokale-prosjektet er å skapa meir liv her. Arkiv

Designtreff og workshopar

– Så me inviterer alle til å ta med gamle mønster, kofter, vottar og sokkar, kanskje gamle bilete og elles fine, morosame ting som me trur dei likar. Etter føredraget blir det uformell mingle-tid; me ser på utstillinga, og dei som vil kan fortelja litt om det dei har teke med, seier Støldal.

Prosjektet Levande Lokale og designgruppa 'Typisk Lærdal' held designtreff og workshopar i Lærdal fleire gonger i månaden fram til sommaren. Desse er opne for alle som er kreative og likar handverkstradisjonar og design.

Les også: Skal skapa produkt som er «Typisk Lærdal»

– Alle interesserte kan ta kontakt med meg, seier Støldal.

Og den neste workshopen er då med nettopp Arne og Carlos komande helg, tre timar laurdag og fire timar søndag. Denne er altså for medlemmane i designgruppa.

– Workshopen er gratis å vera med på og medlemskapen kostar heller ikkje noko. Temaet er korleis ein skal laga si eiga inspirasjonsbok.

Neste workshop er 25. og 26. februar med designar og lærdøl Signe Rode Rio. Temaet då er: "Gamle hndverksteknikkar som utgangspunkt for ny design". 

Til toppen