VART OVERRASKA MED HØGTHENGANDE PRIS: T.h. prismottakar Erik Jacobsen, for sin innsats for norske krigsveteranar. T.v. Arild Lihaug,, representant for Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) som kom til Årdal for å overrekke prisen.
VART OVERRASKA MED HØGTHENGANDE PRIS: T.h. prismottakar Erik Jacobsen, for sin innsats for norske krigsveteranar. T.v. Arild Lihaug,, representant for Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) som kom til Årdal for å overrekke prisen. (Bilde: Snorre Sandemose)

Designer fekk sjeldan veteran-heiderspris

Takka vere alt det digitale utsmykkingsarbeidet med kalenderar han har gjort for «Stiftelsen Veteranhjelp» 

Årdal: – Erik Jacobsen har lagt ned ein heilt utruleg innsats. Vi er svært takksame for alt han har gjort for oss, heilt utan tanke på eiga vinning. 

Det sa Libanon-veteran og mangeårig dugnadsengasjert i «Stiftelsen Veteranhjelp», Arild Lihaug, då han på vegne av Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) overrekte denne organisasjonen sin heiderskross i bronse til Erik Jacobsen.  

GLAD PRISVINNAR: Erik Jacobsen har akkurat motteke heidersprova og lagt dei på kakebordet, og det er tid for kaffi og kaker. Sjølv om Jacobsen seier han ikkje er av dei som likar å stikka seg fram, tykte han det var stas å få tildelt prisen. 
GLAD PRISVINNAR: Erik Jacobsen har akkurat motteke heidersprova og lagt dei på kakebordet, og det er tid for kaffi og kaker. Sjølv om Jacobsen seier han ikkje er av dei som likar å stikka seg fram, tykte han det var stas å få tildelt prisen.  Foto:  Snorre Sandemose

Det var den tidlegare leiaren for NVIO nasjonalt, Odd Helge Olsen, no leiar for NVIO i Kristiansand, som nominerte Jacobsen til prisen. 

Eit nasjonalt medaljeråd som held til i NVIO sitt hovudkvarter i Oslo, med sitjande president Dag Magne Lunde i spissen, tek i mot prisnominasjonar og røyster fram vinnaren, litt på liknande vis som Nobelkomiteen røyster fram sine vinnarar.

 – Militære får tidt tildelt prisen, men det hender mest aldri at ein sivilist får han, fortel Lihaug. 

Jacobsen har ytt uvurderleg hjelp til kalenderprosjektet

Jacobsen, som er mediegrafikar, har lagt ned eit heilt vell av dugnadstimar for «Stiftelsen Veteranhjelp» med å utforma veterankalenderar. Han har designa dei nasjonale veterankalenderane for 2017 og 2018. Han har også hjelpt til med å utforma nettsida til veterankalender-prosjektet.

Det er dette sivile dugnadsarbeidet som gjer at Jacobsen, som aldri har vore i militæret, vert heidra med prisen.  

KVAR MÅNAD, EITT TEMA: Februar 2018 er dedikert den norske innsatsen i Irak i 1991. Amerikanarane gjorde seg skuldige i omfattande kjemisk krigføring i Sør-Irak. Bruken av utarma uran førte til at folk fekk nevrologisk muskelsvinnsjukdom, blodkreft og nyreproblem. Mange norske soldatar kom helselause heimatt.
KVAR MÅNAD, EITT TEMA: Februar 2018 er dedikert den norske innsatsen i Irak i 1991. Amerikanarane gjorde seg skuldige i omfattande kjemisk krigføring i Sør-Irak. Bruken av utarma uran førte til at folk fekk nevrologisk muskelsvinnsjukdom, blodkreft og nyreproblem. Mange norske soldatar kom helselause heimatt. Foto:  Snorre Sandemose

På spørsmål om kva som motiverer han til å hjelpa «Stiftelsen Veteranhjelp» med å tilverka kalenderar, svarar han:

– Eg synest det er veldig kult det dei gjer. Dei hjelper folk som treng hjelp. Og so er det kjekt å syna fram eit spesielt produkt som ein har jobba med, og kjekt å vita at folk set pris på det.

Prentinga var det trykkeriet i Årdal,   Skrivargarden/Printfarm, som stod for, og det er her Jacobsen til dagleg arbeider. 

Mange veteranar har det særs vanskeleg

– Kalenderen, som dels består av foto tekne av veteranar, har to mål: Å heidra veteranene for innsatsen deira, og å samla inn pengar og hjelpa dei, seier Libanon-veteran Lihaug. 

«Stiftelsen Veteranhjelp» er til for å støtta alle veteranar og deira pårørande, anten det er snakk om folk som tenestegjorde i Tyskland-brigadane heilt attende i 1947, eller folk som nett har kome heim frå eit farleg oppdrag. 

Overskotet frå kalendersalet går direkte til denne stiftinga. 

 – Det kan vere veteranar som slit med psykiske eller fysiske seinfylgjer etter krigføringa, og det kan vere snakk om veteranar som treng hjelp til å betala for mat eller husleiga. Det er mange som får det svært vanskeleg etter enda teneste, konstaterer Lihaug. 

Den store medaljen er til smoking, den vesle er til dress

ÆRE OG FORTENESTE: På båe medaljane, som liknar på krigskrossen, står heidersorda «Honor et Meritum» inngravert, og so NVIO, namnet på organisasjonen Jacobsen har hjelpt. Medaljane er personlege, og ingen andre enn prisvinnaren kan bera dei offentleg, jamført retningslinene for slike heidersmedaljar. 
ÆRE OG FORTENESTE: På båe medaljane, som liknar på krigskrossen, står heidersorda «Honor et Meritum» inngravert, og so NVIO, namnet på organisasjonen Jacobsen har hjelpt. Medaljane er personlege, og ingen andre enn prisvinnaren kan bera dei offentleg, jamført retningslinene for slike heidersmedaljar.  Foto:  Snorre Sandemose

 – Den vesle medaljen kan du ha på smokingen, seier Lihaug til Jacobsen ved kaffibordet etter prisutdelinga, og legg til:  – Dette er slike små heidersmedaljar som det er fint å ha på seg om ein kjem på slottsvisitt. 

Jacobsen humra godt, og ganske låttmild svara han:

 – Og so eg som akkurat har fått meg smoking! Medaljen kjem nok til å pryda meg jolekvelden.

Lihaug kunne vidare fortelja at militære som har fått tildelt den store krossen, plar bera han på uniforma si. Men også for den som går i dress kan det høva fint å smykka seg med den store bronsekrossen, fortel han.

 

 
Til toppen