SPORTSLEG: Audi TT i sin siste versjon er sportsleg og aggressiv. Foto: Thomas Larsen
SPORTSLEG: Audi TT i sin siste versjon er sportsleg og aggressiv. Foto: Thomas Larsen

Designikon for kjøpeglade

Audi TT handlar ikkje om fornuft. Her dreier det seg om køyreglede, design og litt om å vise seg fram.

Mens bilar flest blir stadig meir straumlinjeforma når det gjeld miljø og utslepp, stadig meir praktiske og stadig meir politisk korrekte, finst det bilar som vender den debatten ryggen. Audi TT er ein slik bil. Den eig ikkje ein snev av fornuft, og kjøper du den, skal du vere ualminneleg veltalande for å parere kritiske spørsmål om kvifor du valde nettopp denne bilen framfor ein meir praktisk variant.

Artikkelen held fram under biletet. 

RUND: Lyden som kjem ut frå dei to eksosrøyra i TT, er barsk.
RUND: Lyden som kjem ut frå dei to eksosrøyra i TT, er barsk.

Ein endra TT

Å hoppe ned til Audi TT frå ein vanleg bil – eller frå ein diger SUV – er som å basehoppe frå Preikestolen. Den når knapt andre bilar til midja med sitt sportslege tilsnitt. Men TT har måtta tole mykje kritikk frå spisse tunger for ikkje å vere sportsleg nok. Den har blitt sett på som eit litt fallert designikon, køyrd av menneske som ikkje tar den lengste vegen heim fordi den gir meir køyreglede, men heller tar ein ekstra tur rundt kvartalet i byen for å bli sett av flest mogleg. Det er eit stempel alle sportsbil fryktar. Men TT har også mange tilhengjarar som tar avstand frå denne kritikken.

Artikkelen held fram under biletet. 

EFFEKTIVT: Skjermen i midtkonsollen er borte, og informasjonen har flytta inn til instrumenta. Det gir ein meir ryddig førarplass. I TT er det sportsleg og effektivt.
EFFEKTIVT: Skjermen i midtkonsollen er borte, og informasjonen har flytta inn til instrumenta. Det gir ein meir ryddig førarplass. I TT er det sportsleg og effektivt.

Låge forventningar

Dermed er det med blanda forventningar eg set meg inn i TTen, sjølv om dei tekniske spesifikasjonane ber bod om at dette blir ei køyreoppleving som skal kunne lokke smilet fram.

Eg trykkjer på den blanke startknappen og vekkjer den to liter store turbomotoren med 230 hestekrefter til live. Det blir starten på ei reise der Audi TT går frå å vere ein lågmælt designbombe til å bli ein seriøs utfordrar for blant anna Porsche Cayman. Sjølv midtkonsollen er henta rett ut frå den tyske edelsportsbilen.

På favorittvegane, der kantmarkeringa er stipla, og 80 kilometer i timen verkar vågalt, kjem den nye TTen til sin rett. Det bobler og smeller frå avgassrøyrene, motoren er turtallsvillig, og bilen kryp saman og gjer sitt beste for å glede mennesket bak rattet. Den svarer kort og kontant på alle kommandoar, og firehjulsdrifta gir grep uansett underlag. Dobbeltklutsjkassen svarer lynkjapt når eg trekker i hendlane bak rattet, og med sine 230 hestekrefter er bilen rask.

Artikkelen held fram under biletet. 

INSTRUMENT: I Audi TT er det ikkje lengre analoge klokker. Heile instrumentpanelet er ein diger skjerm som ein sjølv kan tilpasse informasjonen på. Løysinga fungerer svært godt og er lett å bruke.
INSTRUMENT: I Audi TT er det ikkje lengre analoge klokker. Heile instrumentpanelet er ein diger skjerm som ein sjølv kan tilpasse informasjonen på. Løysinga fungerer svært godt og er lett å bruke.

Ren moro

Audi TT har altså blitt mykje meir sportsbil. Ingen annan TT har kommunisert meir direkte med sansane enn denne utgåva. I ingen annan TT har det vore meir uviktig å svinse rundt kvartala, men desto meir viktig å komme seg ut på landevegen – der fareskilta for svingete veg står tett i tett.

TT passerer lett det senteret i hjernen som styrer dei rasjonelle tankane. I staden går den rett til hjartet. Noka praktisk nytte, anna enn at bilkøyring igjen blir moro, kan TT ikkje vise til – og det er nettopp det som er den store styrken til bilen.

Artikkelen held fram under biletet. 

TRONGT: Baksetet er nok mest til pynt, men fungerer og som eit perfekt bagasjerom for to på tur. I Audi TT dreier det seg om køyreglede og om vegen til målet, vil du ha det praktisk vel du ein A6.
TRONGT: Baksetet er nok mest til pynt, men fungerer og som eit perfekt bagasjerom for to på tur. I Audi TT dreier det seg om køyreglede og om vegen til målet, vil du ha det praktisk vel du ein A6.

Tekniske data

Pris: 567.700,-

Motor: 4-syl bensin, turbo. 1984 ccm. 230 hk v. 4500 o/min. 370 Nm v. 1600 o/min.

Aks 0-100: 5,3 sek

Toppfart: 250 km/t

Forbruk: 0,64 l/min

Utslepp: 149 gram

Mål (LxBxH): 4177x1832x1353 millimeter

Akselavstand: 2505 millimeter

Bagasjerom: 305 l.

Eigenvekt: 1335 (©NPK) kilo

Til toppen