«Dessa kvinnfolki» med ellevill teaterførestilling

Og kvinnfolki tykkjer det definitivt artigaste er å spela mannfolk.

Aurland: – Det starta med at me i fjor ville gjera noko for å skaffa pengar til ungdomshuset i Vassbygdi. Så då sette me opp eit teater. Det vart ein stor suksess og fulle hus. Så då gjentek me med liknande opplegg i år, seier Inga Winjum.

Dei er inga teatergruppe, «berre» ein gjeng grepa kvinnfolk med ein god porsjon kreativitet og humor.

– Me reiser rundt og tener pengar for andre. Så treng du pengar, får du seia frå, humrar Winjum.

Inntekt til oppussing av Trudvang

No er det kulturhuset Trudvang som skal få inntektene, dei går til oppussing av huset stykket blir synt gjennom tre førestillingar; laurdag 1. april klokka 14 og 18, pluss måndag 3. april klokka 19.

– Det er nokre billettar att, men ikkje veldig mange.

«Herleg konkurs» går i korte trekk ut på at Anne dreg frå mannen og bonden Simon; ho har slite nok for garden han sjølv ikkje har styr på. Ho reiser til og med med ein annan kar, «emissæren».

Gardsdrifta går svært dårleg etter at Anne reiser; rekningane tårnar seg opp for Simon; mellom anna kjøper han hønsenetting fordi det var eit kupp. Men høner har dei ikkje på garden.

Hønene drukna i 200 liter sats

Borna Bertil og Anne-Lill tek tak; noko må gjerast. Ettersom Bertil har gått reiselivslinja i Volda blir han svært gira på å starta opp gardsturisme, noko pappa Simon naturlegvis tykkjer er det reinaste vrøvl.

Så dukkar den forfylla naboen Høn-Anton opp, først fordi han er forkava ettersom fem av hønene hans nett har drukna i 200 liter sats. Men også fordi han treng å «låna» litt brennevin av Simon – ettersom den finaste satsen hans nokon gong gjekk i hønenen. Eller omvendt, rettare sagt.

Når Bertil og Anne-Lill set Simon og Høn-Anton til å passa bookingtelefonen for det nye gardshotellet, endar det med at Høn-Anton, mellom vodkaslurkane, bookar inn ei fin frue frå Bergen og dottera som kjem på svært kort varsel. 

Promiskuøs bergenserinne legg seg etter bonde

Bertil og Anne-Lill har på ingen måte gardshotellet oppe og gå, men mora og dottera frå Bergen, Fru Rosenpripp og Charlotte, kjem likevel. Dei tykkjer vel om naturen og snakkar om kor idyllisk det må vera å bu på gard. Så idyllisk at mor Rosenpripp, som kan framstå ein tanke promiskuøs, legg seg etter Simon.

Så får publikum sjølve sjå korleis dette utartar seg vidare..

Winjum spelar dottera, Anne-Lill, men skulle gjerne hatt ein mannsrolle.

– Er det artigare å spela mann enn kvinne?

– Åååå jaaa..

Til toppen