Humanistisk konfirmasjon: Sogn og Fjordane er eit av dei fylke det færrast vel å konfimere seg humanistisk. Illustrasjonsfoto: Human-Etisk Forbund. 
Humanistisk konfirmasjon: Sogn og Fjordane er eit av dei fylke det færrast vel å konfimere seg humanistisk. Illustrasjonsfoto: Human-Etisk Forbund. 

Desse 14-åringane skal ha humanistisk konfirmasjon

I år er det 36 ungdommar i Indre Sogn som har valt å konfirmere seg humantistisk. 

Sogn: Laurdag 7. mai skal alle 14-åringane i Indre Sogn samlast på kulturhuset i Sogndal for ein seremoni der dei skal konfirmerast humanistisk. 

– Sogn og Fjordane har vore stabilt med mellom 20 og 40 ungdommar som vel denne retninga dei siste åra, seier Astrid Bolstad, organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund Sogn og Fjordane fylkeslag. 

Les også: Konfirmantforeldre gir over 10.000 kroner i gåve

Besteforeldre påverkar

Prosentdelen av 14-åringar som vel humanistisk konfirmasjon har dei siste åra lege på mellom 6 og 8 prosent. I år er andelen på 6,5 prosent. 

– Andelen er vesentleg lågare enn landsgjennomsnittet som ligg på 16 prosent. Det er opplagt fleire årsaker til dette, men to grunnar skil seg likevel ut. Den eine er at Sogn og Fjordane er eit tradisjonsfylke, for å spissformulera det litt, seier Bolstad. 

I tillegg er avstanden til kursstaden som ligg i Sogndal, medverkande. Om ein reiser frå Vik eller Øvre Årdal kan det vere snakk om lange avstandar kvar gong det er samling. 

– Den andre grunnen er at besteforeldre har større innverknad enn i dei større byane, seier Bolstad. 

I løpet av konfirmasjonstida har ungdommane hatt samling på United World College i Dale, Fjaler kommune. 

– Der samlast rundt 100 konfirmantar med sosial leik og fagleg opplegg, seier Bolstad. 

Sjå liste over elevane i Årdal, Lærdal, Aurland og Sogndal som skal konfirmere seg humanistisk: 

Klokka 11.00 laurdag. 

  • Oliver Gjesdal Sæther, Aurland.
  • Margrethe Tokvam, Aurland.   
  • Johanna Skaim Underdal, Aurland.   
  • Geir Martin Sveinsson Høylo, Fjærland.   
  • Solveig Bakketun Tangen, Flåm.  
  • Guro Evenstad Dalaker, Kaupanger.   
  • Martine Farnes, Kaupanger.   
  • Ingeborg Romstad Osland, Kaupanger.   
  • Jørgen Sundsøy, Kaupanger.
  • Inger-Johanne Kaardal, Lærdal.   
  • Egil Natvik Vestrheim, Lærdal.   
  • Ingvil Eleonore Dybwad Mundhjeld, Sogndal. 

Klokka 13.00 laurdag.

  • Jørgen Natvik, Lærdal. 
  • Olav Sande Henden, Sogndal.  
  • Eirik Kolås, Årdalstangen.
  • Thea Vårdal Stølen, Årdalstangen. 
  • Edward Mangera Tandberg, Årdalstangen. 
Til toppen