STOR FORSKJELL: Desse bileta er tekne den 19. juni 2015 og 2016 og viser den enorme forskjellen på snømengde i fjellet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STOR FORSKJELL: Desse bileta er tekne den 19. juni 2015 og 2016 og viser den enorme forskjellen på snømengde i fjellet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Desse bileta er teke med eitt års mellomrom

Sjekk den enorme forskjellen på snømengda i fjellet.

Årdal: Det er ingen tvil om at våren og sommaren har vore fantastisk i Sogn så langt. Høge temperaturar og mykje sol har gjort sitt til at snøen har reist mykje raskare i år enn i fjor. 

Som mange kanskje hugsar, gjekk det lang tid før snøsmeltinga starta og på denne tida i juni var det framleis fare for vårflaum på grunn av mykje snø i fjellet. Det er ikkje tilfellet i år.

– Forskjellen er at i år har me rett og slett hatt vår, seier Heidi Bache Stranden i Hydrologisk avdeling, seksjon for bre, is og snø i NVE. Ho lagar snørapportar på varsom.no.

Sjekk vêret der du er på Porten.no

– Mange vil vel kanskje seia at våren som ikkje kom i fjor, heller kom i år. Snømengda for Sogn og Fjordane over heile fylket ligg no på det som er normalt for årstida. Det var heller fjoråret som var unormalt då våren aldri kom, fortel ho.

Stranden fortel at på denne tida i fjor var det nesten tre gonger så mykje snø enn vanleg. I Fortun-området er det no halvparten av det som er vanleg.

– Det er betydeleg mindre snøø enn på same tid i fjor. Då var det først i månadsskiftet juni og juli det byrja å smelte. 

Bileta er tekne den 19. juni i 2015 og 2016 og viser hyttefeltet på Torolmen og Langleiskaret frå parkeringsplassen. 

Til toppen