STERK START: Jotun har sanka bra med poeng i første halvdel av debutsesongen. Søndag slo dei Tornado Måløy 5-1.
STERK START: Jotun har sanka bra med poeng i første halvdel av debutsesongen. Søndag slo dei Tornado Måløy 5-1.

Desse damene har grunn til å jubla etter halvspelt serie

Trass store skadeproblem, har nystarta Jotun bite godt frå seg i første halvdel av 3.divisjon for kvinner. Søndag banka dei Tornado Måløy på heimebane.

Jotun-Tornado Måløy: 5-1

Søndagens kalassiger mot Tornado Måløy gjer at det nystarta damelaget til Jotun har skaffa seg eit godt utgangspunkt før siste halvdel av serien.

– Det gjer godt å ta med seg inn i pausen. Då avsluttar me på ein opptur, seier trenar Frank Roger Eldegard.

Håpar på frisk tropp

Ti poeng på ti kampar gjer at dei førebels ligg relativt trygt midt på tabellen. Førebels fordi fleire av laga bak har både ein og to kampar i reserve. Dei gode resultata kjem trass i at laget er ferskt, og slit med store skadeproblem.

– Etter alle kampane me har spelt så føler me at me høyrer til i midtsjiktet, og det er der med ligg òg, seier Eldegard.

Med ferien som ventar har trenaren eit håp om å få dei fleste friske til dei startar opp att til hausten. Samstundes kan dei risikera å mista eit par spelarar som skal vekk på skule.

– Summa summaren vil stallem uansett bli større enn de me har hatt å rutta med i vår, seier Eldegard.

Møter redusert Balestrand etter pausen

No tek laget ferie fram til 24. august. Då ventar Balestrand borte, eit lag dei slo i serieopninga.

Det betyr at det bør vera gode sjansar til å starta på si første sigersrekke. Eit spaningsmoment er kva påfyll av spelarar Balestrand får til hausten, når nye elevar tek til på Sygna vidaregåande. 

Det skal likevel mykje til at dei greier å erstatta storskåraren Anne Aune, trøndaren som har bøtta inn både for kvinnelaget og herrelaget i bygda, men som gir seg i klubben etter avslutta skulegong.

– Balestrand har mange andre gode spelarar. Så det er ikkje berre å henta tre poeng der, spår Eldegard.

Til toppen