PÅ BYGDEKINO: Tordis Alme, Astrid Martinsen, Mia Alme, Audhild Bondevik, Astrid Fjøsne, og Evy Alme.
PÅ BYGDEKINO: Tordis Alme, Astrid Martinsen, Mia Alme, Audhild Bondevik, Astrid Fjøsne, og Evy Alme. (Foto: Linda Watten)

Desse damene set pris på den lokale bygdekinoen: – Mykje enklare enn å reisa til Sogndal

Når tre tunnelar er stengt langs Lustrafjorden er det ikkje så lett for lokalbefolkninga å koma seg til Sogndal. Heldigvis har dei tilbodet om bygdekino på Skjolden.

Luster: – Bygdekino er kjekt både for små og store, seier Evy Alme. 

Ho sit klar på Fjordstova på Skjolden, og skal snart ned i gymsalen for å sjå Mamma Mia 2 på storskjerm saman med mange andre frå bygda.

– Barnebarna mine er der nede no og ser film. Det er lurt at dei har noko for alle aldersgrupper. Fyrst ein film for dei små, og så ein film for dei vaksne.

Fint tilbod med bygdekino

No er ho spent på kva oppfølgaren til Mamma Mia har å by på.

– Eg har jo sett einaren, og no må eg sjå toaren for det er jo populære filmar og fin musikk. Og så er det bra at bygdekinoen syner så aktuelle filmar, denne går jo på dei store kinoleretta òg, seier Alme. 

KINO: Gymsalen er blitt til kinosal for ein dag. Foto: Linda Watten

Ho, og dei andre damene rundt bordet, tykkjer det er fint å ha dette tilbodet når tre tunnelar er stengt periodevis langs Lustrafjorden grunna tunnelarbeid. 

– Det er mykje enklare å koma seg til Skjolden enn Sogndal no, seier Mia Alme. 

– Set pris på å parkera bilen gratis

– Og så er det kjekkare å koma hit tykkjer eg, for det er meir intimt. Samstundes kan du prata med andre når du fyrst er her. Ikkje minst set eg pris på å få parkera bilen gratis, seier Evy Alme, og ler. 

Astrid Martinsen fortel at dei hadde bygdekino i Luster for mange år sidan òg. 

– Då gjekk me på kino i Markstein. Eg har ikkje vore på bygdekino sidan Haisommer gjekk. Det var på slutten av 70-talet, seier ho, og smiler. 

Popcorn og brus

No har damene kjøpt seg brus og popcorn, og er klare for å synge med til Abba sine kjente klassikarar. 

– Det må me ha når me er på kino. Dette er koseleg det, seier dei, og går inn i gymsalen for ei kino-oppleving på bygda. 

Til toppen