Øvre Årdal: I går samla gjengen seg, søtti år etter handballaget til Jotun vart til i 1946. Ingebjørg Styve fortel om ein samansveisa gjeng som raskt fekk dreisen på den nye sporten. Kretsmeisterskapen vann dei på første forsøk berre to år etter skipinga.
– Alle var redde Jotun. Det er ikkje for å skryte når eg seier at vi hadde eit fantastisk handballag, seier ho.
Les også: Handballjentene tok årets første siger
Logisk forklaring på fysikken
Sjølv var ho aktiv både i handballen og på friidrettsbana. Den gode fysikken fekk ho i voggegåve. I tillegg forklarar Styve den gode forma med tallause løpeturar gjennom skogen, om enn ikkje alltid like frivillig.
– Eg var så mørkredd og er det den dag i dag. Så eg hadde bra fart når eg sprang. Det var der øvde eg meg, fortel ho.
Det var på den tida du måtte ha løyve frå legen for å spele handball. I starten fekk Styve berre spele halve kampen, fordi ho var for tynn.
Feira jubileet med kamp
Og det sjølv om spelet den gongen var langt mindre fysisk.
– Det var ikkje lov til noko då me spelte. Du vart utvist for den minste ting. Skaut du ballen i magen på nokon så fekk du to minutt. Så det vart mange utvisingar kvar kamp, minnest ho.
Veteranane sat på tribuna då eit ungt Jotun/Årdalstangen tok siger i seriepremieren. Styve lot seg imponere, men har likevel følgjande råd å kome med.
– Dei må tola å bli irettesette. I tillegg må det vere godt samhald og godt humør. Ellers nyttar det ikkje å driva på, seier ho.