TOMMEL OPP: F.v. Anja Berg Nemeth, Pia Berg Nemeth, Sigve Rudningen Oppdal, Oskar Gram Cock, Vemund Rudningen Oppdal, Ingvar Rudningen Oppdal er veldig glade for at bassenget på Borgund skule skal fyllast med vatn att. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TOMMEL OPP: F.v. Anja Berg Nemeth, Pia Berg Nemeth, Sigve Rudningen Oppdal, Oskar Gram Cock, Vemund Rudningen Oppdal, Ingvar Rudningen Oppdal er veldig glade for at bassenget på Borgund skule skal fyllast med vatn att. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Desse er glade for å få vatn i bassenget att

På Borgund jublar dei for at politikarane vil gje bassenget på skulen ein ny sjanse.

Borgund: Lekkasje og ei ny sirkulasjonspumpe må til for at bassenget på Borgund skule skal kunna opnast att. Den siste veka har det blitt lagt nye fliser, og fredag rekna dei med at den nye pumpa skulle koma.

Om ei vekes tid om lag vil ein igjen høyre plasking og barnelatter i bassenget att. 

– Det er viktig å få dette på plass som ein samlingsstad for bygda, ikkje berre for ungane, men for mange vaksne som også badar i helgene. Dette er eit samlingspunkt mange har sakna, fortel Stein Vidar Nemeth.

Misforståing

Han er leiar i adhoc-utvalet som har jobba med løysingar for bassenget, som har vore stengt sidan påsken i år. 

– Me bestemte at som goodwill til kommunen for å bidra til å spara pengar, så ville me hjelpa til i ein vanskeleg situasjon ved å stenga, men planen var aldri å stenge for godt, seier han. 

– Me skulle stenga ein månad før sommaren, og så skulle det opnast att til skulestart, men det skjedde ikkje. Her var det nokon som misforstod. Når ting ikkje står svart på kvitt, drar dei det dithen, har eg funne ut av.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVAL: Knut Oppdal og Stein Vidar Nemeth sit begge i adhoc-utvalet som jobbar med løysingar for bassenget på Borgund skule.
UTVAL: Knut Oppdal og Stein Vidar Nemeth sit begge i adhoc-utvalet som jobbar med løysingar for bassenget på Borgund skule.

Les også: Gjev bassenget ein sjanse

Alternativet var å skyssa skulebarna til Lærdalsøyri for å ha bading, noko som ville ha kosta kommunen 120 000 kroner i året. Når me no skriv midten av oktober, har ikkje ungane hatt ein einaste badetime. 

Det blir det nok endring på no. Viss sirkulasjonspumpa kjem på plass fredag, vil dei starte oppfyllinga av bassenget same dag. 

Drøymer om nytt basseng

Dersom lekkasjen skal fiksast heilt, ville dette ha kosta 125 000 kroner, men som Nemeth uttalte i forkant av formannskapsmøtet førre veka, var det mogleg å gjera dette billegare.

– Det vart litt misforstått. Summen på 125 000 kroner gjeld eit hjørne med sprekkar i, som eksterne folk måtte koma og tetta, men det siste me gjorde vedtak på i utvalet var at me skulle minska lekkasjen, ikkje tetta han heilt.

Det betyr at det framleis vil vera ein liten lekkasje på 1 kubikk i døgnet, noko som er på nivå med tilstanden som var før. I desember skal saka saka opp i samband med budsjettet, og då er det ikkje vanskeleg å skjønna kva denne gjengen håpar på.

– Me håpar det kjem inn i budsjettet og at det blir eit stålbasseng. Då er det ny ventilasjon, og alt skal byttast. Det me har gjort no håpar me er godt nok til at det er intakt i vinter og at me får eit nytt basseng, som er stipulert til ein 5-6 millionar kronner, og at til neste skulestart så har me eit heilt nytt basseng. Det er målet mitt, seier Nemeth.

Bading i elva

I første omgang er ungane svært glade for at dei får vatn i bassenget att.

– Det er veldig fint. Det er morosamt å bada og gjera noko anna i staden for å sitja heime og ikkje gjera noko. I fjor var eg på nesten kvar einaste bading som var, fortel Oskar Gram Cock. 

Les også: Dei unge ønskte svar frå politikarane

Pia Berg Nemeth etterlyste ei oppgradering då lokalpolitikarane besøkte skulen i valkampen. No er ho glad for at dei gjev det ein sjanse.

– Det var veldig dumt at dte var stengt. Det er gøy med badetimar, og me har hatt bading i elva. Det var kaldt, seier ho. 

Til toppen