F.v. Stein Inge Larsen, Frode Kversøy, Tore Larsen og Ola Braanaas.
F.v. Stein Inge Larsen, Frode Kversøy, Tore Larsen og Ola Braanaas. (Foto: Arkiv)

Desse er nominerte til årets namn i Ytre Sogn. No kan lesarane òg nominere!

For andre år på rad kårar Porten.no «Årets namn», og du kan vera med å bestemma kven som vinn.

Ytre Sogn: – Med «Årets namn» ynskjer me å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør og dagleg leiar Synne Haga.

Spesielt i koronaåret 2020, meiner Porten.no at det er viktig å hylle viktige personar i regionen. 

– Dette ynskjer me å gjera saman med lesarane våre. Etter diskusjon innad i redaksjonen, har me kome fram til nokre namn me meiner skil seg ut, seier Haga. 

– Samtidig er det ikkje nødvendigvis me som sit på fasiten, og me ynskjer difor at også lesarane kjem med sine nominasjonar.

Porten.no nominert fire som har utmerka seg i 2020 i lista under. I tillegg kan lesarane nominere fire personar ved å kommentere namn og begrunnselse i kommentarfeltet på denne Facebook-posten. 

Etter at lesarane har nominert, vil avstemninga vil bli opna i romjula og vare fram til 3. januar klokka 09.00. 

Sjå dei fire nominerte under. 

Stein-Inge Larsen. Foto: Jan Harald Rismyhr / Billund Aquaculture


Stein Inge Larsen:
Bedriftseigaren har vore med å starte opp Viking Aqua, tidlegare Sande Aqua, som vil verte Noregs største oppdrettsanlegg på land i Skipavika i Gulen. Larsen er i tillegg medeigar i ei rekkje andre verksemder som Skipavika næringspark, Havtare og Norsk Tang.

Frode Kversøy. Foto: Privat

Frode Kversøy:
Kversøy er gründer og dagleg leiar i Kversøy maskin.  Han driftar eige verksemd, han er prosjektleiar for Martin E/Firda, han har regulert i Mjåsund Næringspark og sett opp nytt hovudkontor/lagerbygg der, og tilrettelegg for andre verksemder/næringar. 

Tore Larsen (t.v). Foto: Privat

 Tore Larsen:
Dagleg leiar for Steelhead Invest på Byrknesøy Tore Larsen var med Ola Baanaas å byggje barnehage på Byrknes.

Ola Braanaas. Foto: Vidar Gudvangen / NRK


Ola Braanaas:
Eigar og konsernsjef i Firda Seafood group Ola Braanaas tok iniatitiv til å få plass ein ny barnehage på Byrknesøy då den eksisterande var for liten. 

Til toppen