TOPP TRE: Frå venstre: Jan Olav Fretland, Mathilde Grøttebø og Sæmund Stokstad er topp tre på vallista for Lærdal SV.
TOPP TRE: Frå venstre: Jan Olav Fretland, Mathilde Grøttebø og Sæmund Stokstad er topp tre på vallista for Lærdal SV. (Foto: Lærdal SV)

Desse er på topp hjå Lærdal SV

Under nominasjonsmøte måndag røysta Lærdal SV fram Jan Olav Fretland som førstekandidat, melder partiet i ei pressemelding.

Lærdal: Fretland har vore fleire periodar i kommunestyret i Lærdal, og har erfaring frå formannskap og fylkesting. 

Neste på lista er 18 år gamle Mathilde Grøttebø, og på tredjeplass er Sæmund Stokstad.

– Nominasjonsnemnda har jobba for ei liste med gode folk som kan stå opp for fellesverdiane våre i kommunestyret dei neste fire åra. Lista er samansett av både velkjende og nye kandidatar. Kandidatane har ulik bakgrunn og erfaringar og representerer heile bygda.

Dette er lista

1. JAN OLAV FRETLAND (f. 1950)

2. Mathilde Grøttebø (f. 2001)

3. Sæmund Stokstad (f. 1985)

4. Anne Marie Hovland (f. 1946)

5. Kari Blåflat (f. 1948)

6. Halfdan Nesse Johnsen (f. 1983)

7. Ingrid Vindedal (f. 1956)

8. Jens Rikheim (f. 1961)

9. Berit Vangen (f. 1960)

10. Abdirahman Farah Warsame (f. 1994)

11. Kristin Bolstad (f. 1952)

12. Ingebjørg Voll (f. 1958)

13. Øystein Bratteteig (f. 1956)

14. Laila Irene Elvagjeng (f. 1961)

15. Anne Sofie Ljøsne (f.1945)

Til toppen