Indre Sogn: I årets andre runde med gåvetildelingar frå Sparebanken Sogn og Fjordane blir det dryssa nærare 4 millionar kroner på lag og organisasjonar i fylket, over ein halv million av dei i Sogn.
Sjekk lista over dei som får pengar i Indre Sogn nedst i saka.
– Det er mange gode prosjekt der ute som tar initiativ og får ting til å skje i lokalsamfunna. Me er glade for å kunne bidra til at fleire av desse blir realiserte. Diverre kan ikkje alle få positivt svar, men me oppmodar dei om å søka igjen til neste gåverunde, seier banksjef Laila Ruud i ei pressemelding.
Skal fremje trivsel i fylket
Totalt har 60 små og store lag og organisasjonar kan venta seg ei hyggeleg førjulsgåve frå banken. Med vårens tildelingar har banken delt ut gåver og stipend i fylket for over 20 millionar kroner i år.
Pengane skal gå til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane som fremjar trivsel, mangfald og utvikling.
På lista i Sogn finn me alt frå bygging av gapahuk og innkjøp av leirduekastar til gjennomføring av Fres Festival og forsking på hydrogen som energiberar på Vestlandet.
– For oss handlar dette om samfunnsansvaret vårt og at me følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dette som skil oss frå andre bankar og gjer oss til ein viktig aktør i bygdene, seier administrerande direktør Trond Teigene i pressemeldinga.
Desse frå Indre Sogn får midlar:
- Fres Festival i Fresvik får 75.000 kroner
- Kjørnes velforening får 24.000 kroner til gapahuk på Brendehaug leikeplass
- Sogn Motorsport får 92.000 kroner for å auke tryggleik og trivsel ved motocrossbana på Kaupanger.
- Opplev Leikanger får 20.000 kroner til å arrangere Fruktbare dagar
- Leikanger jakt- og fiskelag får 75.000 kroner til ny leirduekastar
- Leikanger skyttarlag får 100.000 kroner til å ferdigstille nytt bygg for innandørs skytebane
- Høgskulen på Vestlandet får 150.000 til eit forskningsprosjekt som skal undersøka om hydrogen kan fungera som energiberar på Vestlandet