HEIDRA: Ordførar Jarle Aarvoll delte ut ungdomspris til Sindre Sætren Myklebust (far Svein Olav Myklebust møtte opp i fråvær av sonen), Arne Farestveit og Martine Lerum Hjellhaug. Inga Loftesnes hadde ikkje høve til å møta.
HEIDRA: Ordførar Jarle Aarvoll delte ut ungdomspris til Sindre Sætren Myklebust (far Svein Olav Myklebust møtte opp i fråvær av sonen), Arne Farestveit og Martine Lerum Hjellhaug. Inga Loftesnes hadde ikkje høve til å møta. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Desse fekk ungdomsprisen i Sogndal

Unge talent innan idrett og musikk vart heidra.

Sogndal: Crossfit-utøvar Inga Loftesnes (19), alpinist Sindre Sætren Myklebust (17), klatrar Arne Farestveit (17) og musikar Martine Lerum Hjellhaug (13) frå Kaupanger fekk torsdag ungdomsprisen i Sogndal kommune for 2019.

Inga Loftesnes (19) har oppnådd imponerande resultat innan crossfit og funksjonell trening. I år har ho teke fri frå skulen for å satsa på sporten. Målet er å bli best i Norge, og hevda seg internasjonalt.

Sindre Sætren Myklebust går andre året på alpinlinja i Oppdal. Han har blitt nummer fem i slalom, og nummer sju i super-G i sitt kull på landsrennet. Målet er å bli fast på europacuplaget om to år, og medaljefavoritt for Norge i vinter-OL i 2026. I fire sesongar køyrde han for Hemsedal IL, men sidan 2018 har han representert Sogndal Alpin.

Arne Farestveit (17) har oppnådd fleire toppresultat i klatring. I sommar persa han på ei såkall 9+-rute i den vidkjende Hanshelleren i Trøndelag. Berre to nordmenn før han har greidd å klatra ei så vanskeleg rute i så ung alder. I november vann han sølv i nordisk meisterskap i ledklatring, og to helger før drog han i land gullet i under norgescupen i Bodø, begge i juniorklassen.

Martine Lerum Hjellhaug (13) har sunge og spelt gitar sidan ho var seks år gamal. Ho har vore med å starta band, og har vore elev på kulturskulen i tre år. Pengane vil bli brukte til å kjøpa gitar, slik at ho kan utvikla utvikla sine musikalske evner vidare.

Til toppen