NOMINERTE: Monica Finden, Odd Einar Nordheim, Norsk Folkehjelp Årdal, Sivert Mannsverk og Trine LErum.
NOMINERTE: Monica Finden, Odd Einar Nordheim, Norsk Folkehjelp Årdal, Sivert Mannsverk og Trine LErum. (Foto: Arkiv)

Desse fem er nominerte til årets namn i Indre Sogn. No er det lesarane sin tur å nominere!

Totalt ti nominerte kan bli «Årets namn».

Indre Sogn: For andre år på rad kårar Porten.no «Årets namn», og du kan vera med å bestemma kven som vinn. 

– Med «Årets namn» ynskjer me å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør og dagleg leiar Synne Haga.

Spesielt i koronaåret 2020, meiner Porten.no det er viktig å hylle viktige personar i regionen. 

– Dette ynskjer me å gjera saman med lesarane våre. Etter diskusjon innad i redaksjonen, har me kome fram til nokre namn me meiner skil seg ut, seier Haga. 

– Samtidig er det ikkje nødvendigvis me som sit på fasiten, og me ynskjer difor at også lesarane kjem med sine nominasjonar.

Porten.no nominert fem som har utmerka seg i 2020 i lista under. I tillegg kan lesarane nominere fem personar ved å kommentere namn og begrunnselse i kommentarfeltet på denne Facebook-posten.

Etter at lesarane har nominert, vil avstemninga vil bli opna i romjula og vare fram til 3. januar kl. 09.00.

Sjå dei fem nominerte under. 

Trine Lerum Hjellhaug. Foto: ViteMeir


I 12 år har ho vore administrerande leiar for fabrikken som er ein av dei viktigaste aktørane i næringslivet i Sogn, Lerum. I år tek ho permisjon, og då er det på tide å løfte ho opp og fram i lyset. Hjellhaug har vore langt meir enn sjef på Lerum, ho også har vore ein viktig stemme og ein eldsjel for kvinnefotballen i Sogn. I 2018 fekk ho prisen som årets kvinnelege leiar for rolla som leiar for Kaupanger IL. 

Sivert Mannsverk. Foto: Janne Merete Bøyum


Sjølv om årdølen vart nominert i fjor òg, er det vanskeleg å utelate årets spelar for Obosligaen 2020 frå denne kåringa. Kapteinen og midtbane-eleganten har tidvis herja i 1. divisjon, og har bidrege sterkt til at opprykksdraumen til Sogndal kun er 90 minutter unna å verte realitet. Glømte me å nemne at han berre er 18 år? Han er berre 18 år!  

Odd Einar Nordheim. Foto: NRK presse


Odd Einar gjorde ein kjempeinnsats i Stjernekampen i haust, der han fekk mykje skryt av å vera ei skjult perle. Han nådde diverre ikkje opp på palleplassane, men han vann over fleire sjåarar heime både i heimbygda Årdal, og heile Norge.

Monica Finden og Aurland Røde Kors. Foto: Privat


I haust vart aurlendingen Christoffer Lysne Elgåen meldt sakna og heile lokalsamfunnet egasjerte seg i leiteaksjon. Ei av dei var Monica Finden, som starta ein innsamlingsaksjon til støtte for Aurland Røde Kors ved å selja sveler. Eit par dagar seinare hadde det blitt samla opp mot heile 145.000 kroner gjennom henna aksjon aleine. Aurland Røde Kors holdt søket gåande i fleire veker, både på land og i fjorden. 

Noksk Folkehjelp i Årdal. Foto: Arkiv


Folkehjelpa i Årdal er tufta på iherdig dugnadsinnsats frå lokale heltar. Gruppa har mange forksjellige oppdrag, mellom anna redning, beredskap og sanitetsvakter. Førstehjelp, søk og redning og snøskred er hovudområdet. Alt arbeid vert gjort på frivillig basis for å halda sambygdingar og personar i området trygge.

Til toppen