KOLONNE: Tre fjellovergangar er stengd laurdag morgon og det er kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. Foto: Arkiv
KOLONNE: Tre fjellovergangar er stengd laurdag morgon og det er kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. Foto: Arkiv

Desse fjellovergangane er stengde

Det er berre fri ferdsel over ein fjellovergang i fylket laurdag morgon.

Statens vegvesen melder laurdag morgon at fleire av fjellovergangane i Sogn og Fjordane er stengt.

E16 over Filefjell er den einaste vegen som er open laurdag morgon. Det er meldt snø og isdekke langs vegen med stadvis redusert sikt.

Klokka 07.00 var det -3 grader, liten kuling og lette snøbyger.

Stengde fjellovergangar

Riksveg13 over Vikafjellet, fylkesveg 50 Hol - Aurland og fylkesveg 53 Årdal - Tyin var alle stengd laurdag klokka 09.30.

Vikafjellet er stengt på grunn av uvær, men Statens vegvesen skal gjere ei ny vurdering klokka 12.00.

Aurland - Hol og Årdal - Tyin er også stengt grunna uvêret.

Over Hemsedalsfjellet er det kolonnekjøring på grunn av uvær.

 

Til toppen