Sogndal: I første etasje vil gründerbedriftene Rocketfarm og NLink okkupere den eine halvdelen. Den andre halvdelen gir rom til omlag 25 gründerar som kan leige seg kontorplass gjennom Sogn Næring eller inkubatorordninga til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Les også: Her kjem innovasjonsbygget til Sogndal Fotball
Mellom desse to halvdelane blir det eit vrimleareal. Her blir det jobba med å få på plass ein kaffibar.
I andreetasje tek Sogn Næring og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane over den eine delen, medan Innovasjon Norge skal ha tilhald i den andre. I tredjeetasje flyttar Arkitektkontoret 4B inn i lag med sogndalkontoret til Norconsult.
– Vi trur dette blir eit heilt unikt tilbod for gründerar. Sogndal er ein stad som i utgangspunktet tiltrekk seg unge, flinke folk. Med dette tilbodet blir det enklare for dei med gode idéar å starte opp selskap, seier dagleg leiar Yngve Hallén i Sogndal Fotball AS på heimesida til prosjektet, og legg til at han håpar at gründerar i heile regionen skal dra nytte av dette miljøet.