STOLT GJENG: Ingen kunne stoppe desse jentene frå Lærdal i dag. Til slutt kunne dei løfte KM-pokalen og sleppe jubelen laus. Foto: privat.
STOLT GJENG: Ingen kunne stoppe desse jentene frå Lærdal i dag. Til slutt kunne dei løfte KM-pokalen og sleppe jubelen laus. Foto: privat.

Desse glade jentene frå Lærdal tok gull i innandørs-KM​

Suste gjennom turneringa utan tap og med berre eittmålssigrar.

Sandane: Lærdal slo i dag Florø 3-2 i J13-finalen av innandørs-KM på Sandane.

– Det var knepent heile vegen, men jentene har gjort ein kjempeinnsats alle som ein. Det er ein flott gjeng som er stolte og krye, seier trenar Jan Tore Stølen idet han køyrer av ferga på veg heim etter triumfen.

Les også: Her kan du følgje ditt lag i KM

Og knepent var det. Laget gjekk gjennom gruppespelet med fire mål på fire kampar: tre eittmålssigrar og ein uavgjort 1-1. Semifinalen og finalen vart begge målrike, men igjen var det lærdalsjentene som hadde marginane på si side. 

– Det var utruleg moro og eg er utruleg stolt av jentene og det dei viser, seier trenar Stølen. 

Fleire lag frå Sogn har vore i aksjon denne laurdagen. Sogndal G13 tapte bronsefinalen 0-1 mot Skavøypoll, Sogndal J15 vann bronsefinalen 2-0 mot Sandane.

Til toppen