HANDYMENN: Harald Yndestad og Magnar Fredheim snekrar på rekkverk til dagsturhytta.
HANDYMENN: Harald Yndestad og Magnar Fredheim snekrar på rekkverk til dagsturhytta. (Foto: Årdal gålag/privat)

Desse handy karane har laga rekkverk til dagsturhytta på Moakamben

Tok på seg ansvaret utan å nøla.

Årdal: – Harald Yndestad og Magnar Fredheim har bygd rekkverk på dugnad, og no ligg dei lagra heime hjå Harald, seier Gunvor Nordås, leiar i Årdal gålag.

Dei to karane som òg er med i gålaget, tok på seg ansvaret for å bygge rekkverkmodul til dagsturhytta som straks skal opna på Moakamben.  

Rekkverket blir flygd opp seinare

– Yndestad sa "her er teikningane, eg skal laga alle saman". Så skar og skrudde han og Fredheim det saman. Kommunen takka dei så fint, og no er det ferdig, fortel Nordås.

GODT LAGARBEID: Dei to karane jobbar på. Foto: Årdal gålag/privat

Rekkverka er litt for tunge til at gålaget kan ta dei under armen, så i mellomtida ligg dei trygt lagra.

– Dei blir flygd opp og sett på plass når hytta opnar. 

Trur dagsturhytta blir populær

Nordås gler seg til at dagsturhytta opnar, og trur det blir veldig populært.

– Hytta blir berre finare og finare. Viss alle som går på Moakamben går innom der, set seg ned, og les litt i biblioteket så trur eg den blir veldig mykje brukt. 

Ho fortel at utsikta frå dagsturhytta skal bli endå betre.

– Det er mange som går dit, så no skal det sagast ned litt fleire tre. Då blir det den flotte utsikta skal du sjå. 

Går tur både i fint og dårleg vêr 

Som leiar i gålaget er ho på tur òg i dag, til trass for at vêrmeldingane sa det kom til å bli ruske ute.

– Vêrmeldingane skremde mange i dag, men me er 15 stykk som har vore på tur i dag. Me gjekk ikkje til Svarteknipa sånn som planlagd, men på gamlevegen langs eit vatn. Der var det ein med hytte som inviterte oss inn. Han fyrde i ovnen og det var så koseleg. 

Nordås legg ikkje skjul på at litt regn hindrar ikkje ho og gålaget frå å gå på tur, verken til dagsturhytta eller ellers.

– Me går og me går, litt regn gjer ingenting. Me har det så kjekt så, seier ho.  

Til toppen