IMPONERANDE: J11 laget til Lærdal IL har greidd noko få andre har klart, nemleg å vinna samtlege kampar denne sesongen. Bak frå venstre: Ida Martine Hille, Agnethe Gjerde Stølen, Stina Ljøsne, Sila Einemo, Amalie Lysne Walaker. Framme frå venstre: Alice Bjørkum, Helga Therese Sjøthun, Margrethe Einemo, Andrine Hagheim. Ikkje med på biletet: Ingrid Ljøsne.  Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Desse jentene står for ein utruleg prestasjon

– Eg kan ikkje hugsa at noko liknande har skjedd.

Lærdal: Jente 11-laget til Lærdal IL står for ein ganske så imponerande prestasjon denne sesongen. På 20 kampar står dei nemleg med 20 sigrar. 

– Sesongen har vore veldig bra, seier Helga Therese Sjøthun, som spelar på laget. 

Søndag var jentene samla i Lærdalshallen, der dei fekk pizza og diplom for det gode arbeidet dei har lagt ned denne sesongen. 

Vart lova pizza

Det er Kjell Olav Bjørkum som trenar laget, medan Jan Tore Stølen er lagleiar. Dei to seier dei ikkje kan koma på liknande prestasjonar frå eit aldersbestemt lag i idrettslaget.

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK DIPLOM: Jentene vart gjort litt ekstra stas på søndag kveld. Her deler lagleiar Jan Tore Stølen ut diplom og eit par ekstra ting for den gode innsatsen.
FEKK DIPLOM: Jentene vart gjort litt ekstra stas på søndag kveld. Her deler lagleiar Jan Tore Stølen ut diplom og eit par ekstra ting for den gode innsatsen.

– Det heile byrja med at eg lovde dei pizza etter at dei hadde vunne åtte av ti kampar i vårsesongen, fortel Bjørkum. 

– Eg har ikkje lovd dei noko på hausten, det torte eg ikkje, smiler han. 

Godt samspel

Jentelaget spelar 5-ar-fotball, men har også fått prøve seg litt i 7-ar under Lærdalsturneringa og Ål-cupen. Også det gjekk smertefritt.

– Her det mange flinke fotballspelarar, som har utvikla seg masse, fortel Bjørkum vidare før han forklarar kva årsaka til dei gode resultata kan vera.

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK BLOMAR: Jentene hadde kjøpt blomar til trenar Kjell Olav Bjørkum som ein takk og lova at han ikkje skulle få sparken med det første.
FEKK BLOMAR: Jentene hadde kjøpt blomar til trenar Kjell Olav Bjørkum som ein takk og lova at han ikkje skulle få sparken med det første.

– Dei spelar godt saman og er langt føre dei andre laga i samspel. Det seier motstandarane også. I haust har dei faktisk vore heilt suverene. Me trenar på det same heile tida, og det er teknikk, samspel og å bruka heile bana. 

Får ikkje sparken

Mest imponert er han over at laget nesten ikkje slepp inn mål. Men det er ikkje heilt tilfeldig at det går bra, kan jentene fortelja.

– Han masar heile tida om at me skal stå der og at me må sentra ballen og ditt og datt, ler dei. 

Men at dei set pris på trenaren er det ikkje tvil om. Før pizzaen kom på bordet gav dei han ein bukett med blomar og lovde at han ikkje skulle få sparken heilt med det første. 

Til toppen