Førde/Årdal: J16-laget til IL Jotun var naturleg nok godt nøgde med eigen innsats etter å ha tatt sølv i Førdecup denne helga.
Jentene tok seg heile vegen til finalen, men der vart det eit knepent 0-1-tap for Førde.
– Det er sjølvsagt litt bittert å tape finalen, men det var ein kanoninnsats frå jentene og ei fin avslutning på sesongen, seier trenar Frank Eldegard.
Førdecup er ein innandørs turnering for spelarar i alderen 13 til 19 år, og på turneringa deltok det lag frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Berre i J16-klassen, der Jotun stilte med to lag, var det 24 lag med.
Artikkelen held fram under biletet.

Begge laga til Jotun kom til A-sluttspelet, men for det eine sa det stopp i kvartfinalen.
– Det er ei inneturnering som kjem kjapt etter utesesongen er ferdig, og som me såg på som eit avslutningstiltak. Det freistar for gjentaking, eg trur Jotun vil stille lag her i tida framover også. Det var ein kjekk cup, seier Eldegard.
Ekstra kjekt er det då å møte lag ein vanlegvis ikkje møter kvar dag. Då laga andre motstandarar å bryne seg på.
Elles stilte Jotun også med eit G14-lag. Dei gjorde det også godt med topplassering i gruppa si, men måtte til slutt sjå seg slått i kvartfinalen, der det enda med 3-2-siger til Førde.