SÆRPREG OG EIGENKARAKTER: Sogndal og grannekommunen Leikanger har fått 23,2 millionar til tettstadutvikling.
SÆRPREG OG EIGENKARAKTER: Sogndal og grannekommunen Leikanger har fått 23,2 millionar til tettstadutvikling.

Desse kommunane får mest tettstadmidlar

Porten.no har sett på fordelinga av tettstadmidlar sidan oppstarten i 1995. 

Aurland: På toppen tronar Sogndal med 15,1 millionar kroner saman med grannekommunen Leikanger, som i perioden har fått 8,1 millionar kroner.

Midlar til særpreg og eigenkarakter

Tettstadutvikling er ei tilskotsordning som vert handama av fylkeskommunen. Tiltak som kan få støtte skal i følgje rettleiaren bidra til å styrke tettstadens særpreg og eigenkarakter, og sikre felles verdiar og ressursar.

Tilskotsordninga har tidlegare hatt fast søknadsfrist med handsaming ein gong i året. I år er det sett av 2,5 millionar kroner til tettstadutvikling, og midlane kan søkjast på kontinuerleg.

Normalt er det høve til å søkje på inntil 40 % av prosjektet sin totalkostnad.

­Småpengar til Aurland

Nedst på lista finn ein Aurland som har motteke berre 924 800 kroner dei siste 20 åra. Dei to prosjekta som har fått støtte er opparbeiding av opphaldsplass ved Heradshuset i Aurlandsvangen, og ei stadanalyse for Undredal sentrum.

Rådmann i Aurland kommune, Frank Westad, seier til Porten.no at formannskapet i dag, torsdag, skal avklare kommunen sitt syn på konseptet Visjon Vangen.

­– Dersom formannskapet går inn for Visjon Vangen vil det vera aktuelt å søkja på tettstadmidlar, seier Westad.      

Klikk på kartet og sjekk kor mykje din kommune har fått

 

Til toppen