NY TILRÅDING: Drøye tre månader har gått sidan fylkesmann Anne Karin Hamre la fram hennar forslag til samanslåingar i Sogn og Fjordane. I dag vart den reviderte utgåva levert til kommunaldepartementet.

Desse kommunane vil ho slå saman

Fylkesmannen la fram endeleg forslag til samanslåingar i Sogn og Fjordane.

Leikanger: Fylkesmann Anne Karin Hamre la fram si første tilråding i september i fjor. Då føreslo ho fire nye storkommunar i Sogn og Fjordane frå 2020, der konstellasjonen Balestrand, Sogndal og Leikanger var bidraget frå Sogn.

Sidan då har Balestrand gått frå ja til nei til samanslåinga, samstundes som motstanden i Leikanger ikkje akkurat har vorte noko mindre. Utan at det påverka utfallet.

Den reviderte tilrådinga vart offentleggjort i ei pressemelding klokka 15:30 i dag. Der vart det klart at fylkesmann Hamre held fast på samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand.

– Her har me forsterka vår tilråding. Spesielt Balestrand og Leikanger vil få vesentleg auke i talet eldre, noko som vil gje desse kommunane utfordringar i framtida. Samstundes har det kome avklaringar som viser at Sogndal og Leikanger taper på det nye inntektssystemet. Det gjer dei ikkje dersom dei slår seg saman, sa Hamre til NRK på pressekonferansen i etterkant av offentleggjeringa.

Fylkesmannen nytta også høvet til å oppmode Luster, nok ein gong, om å kople seg på samanslåinga.

Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn
Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta

Leikangerordførar Jon Håkon Odd er skuffa, men har ikkje gitt opp kampen om framleis sjølvstende.

– Nei, på ingen måte. Men samstundes, no er det andre som avgjer. Vi seier tydeleg frå at vi ikkje ønskjer denne samanslåinga, så forventar eg eigentleg at folkevilja blir høyrd i dette spørsmålet, seier han til statskanalen.

Elles er det verdt å merke seg at fylkesmannen føreslår å slå saman Eid og Selje i Ytre Nordfjord, to kommunar som ikkje grensar til kvarandre, medan Vågsøy vart droppa frå konstellasjonen på grunn av stor folkeleg motstand.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen